Politiet lét seg ikkje lure av denne posen

3 hours ago 5



Det var tysdag politiet i Portland, Oregon i USA stansa ein bil med to personar i.

Då dei undersøkte bilen, fann dei ein tøypose med påskrifta «Definitely Not a Bag Full of Drugs» («Definitivt ikkje ein pose full av narkotika»). Men trass lovnaden undersøkte politibetjentane innhaldet.

Då fann dei ei større mengd fentanyl og metamfetamin, i tillegg til ein ladd revolver, kjøkkenvekter og ein bunke med setlar, melder TV-kanalen KPTV i Oregon.

Begge dei to i bilen blei arresterte etter funna som blei gjort. Dei er sikta for narkotikalovbrot og for å ha stole bilen.

Endra narkotikalovgjevinga i delstaten

Oregon avkriminaliserte det å ha mindre mengder med narkotika i 2020. Målet var å bruke mindre pengar på å straffeforfølge, og heller bruke det på behandling av rusproblem.

Men då var det snakk om langt mindre mengder enn det politiet fann i den stolne bilen denne veka.

Tiltaket med å avkriminalisere hadde brei støtte då det blei vedteke.

Men etter koronapandemien auka overdosane og talet på heimlause i den amerikanske delstaten, skriv The Guardian.

I denne perioden blei også fentanyl lettare å få tak i på ulovleg vis.

Det gjorde at delstatsforsamlinga i september på nytt gjorde det ulovleg å ha narkotika.

Publisert 12.10.2024, kl. 19.18

Read Entire Article