Måndag kveld 23. september blei kiosken utanfor sjukehuset i Mosjøen rana. Det var Hege Therese Fjellstad som var på jobb då gjerningspersonen kom inn måndag kveld.
Ho skal ha blitt trua med kniv og gjerningspersonen skal ha fått med seg rundt 10.000 kroner frå kiosken.
No ber politiet i Nordland publikum om hjelp.
– Det er av interesse å snakke med alle som har vore i området rundt sjukehuskiosken måndag 23. september mellom klokka 18:15 og 19:15, då du kan ha informasjon som kan bringe politiet vidare i etterforskinga, seier Eirik Blomli, politiadvokat i Nordland politidistrikt.
Dei ønsker også å få kontakt med bilar som har kamera i bilen og som har filma i området rundt Nyrurd/Skjervengan i same tidsrom.
Politiet kan kontaktast på 02800.
Personen politiet ønsker kontakt med er skildra slik:
• Mann, cirka 170 cm høg og normal kroppsbygning
• Kledd i mørke klede med sekk på ryggen
• Svart sykkel med skrift på
Biletet viser ein syklist som passerer mellom Power og Rema 1000 på Nyrud rett før klokka 19:00, måndagskveld. Politiet ønskjer å kome i kontakt med denne personen.