Politiet etterlyser syklist i drapssaka i Alver

12 hours ago 3



Vest politidistrikt ber om hjelp i samband med etterforskinga av drapet i Alver kommune, melder dei i ei pressemelding.

Ei kvinne i 50-åra døydde laurdag etter at ho torsdag blei funnen medvitslaus i bustaden sin. Svigersonen til kvinna er sikta for drapet. Mannen i 30-åra vart pågripen og avhøyrd fredag, og sit varetektsfengsla. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Etterlyser syklist

Politiet har fått vitneobservasjonar om ein syklist på fylkesveg 564 mellom Holme i Alver og Frekhaug torsdag 16. oktober 2025 omtrent klokka 19.

No skriv politiet at dei vil ha kontakt med syklisten eller personar som har observasjonar eller informasjon om syklande i området denne kvelden.

Bilkamera og turgåarar

Politiet ber folk ta kontakt viss dei har video frå køyretøy (dashbordkamera) i området Holsnøy, Flatøy, Knarvik og Åsane bydel torsdag 16. oktober mellom klokka 18–23.

I tillegg ber politiet folk melde seg viss dei var i eit fjellområde nord i Åsane bydel:

Det gjeld området mellom Ikea og Hordvik i turområdet Veten, Høgstefjellet og Postveien torsdag 16. oktober mellom kl. 18-23.

Politiet kan bli kontakta på telefon 45 60 60 78 eller via sine heimesider.

Korrigering: politiet gav først feil telefonnummer. Dette vart retta klokka 12.53

Utelukkar andre pågripingar

Påtaleansvarleg Eli Valheim i Vest politidistrikt seier klokka 12.45 til NRK at politiet utelukkar at fleire kan bli pågripne i saka.

Etterlysinga av syklisten gjeld eit mogleg vitne.

Det har blitt innhenta overvakningsmateriale frå offentlege bygg i nærleiken, og bomstasjonar.

Valheim kan ikkje kommentere kva den sikta har forklart i avhøyr.

Publisert 21.10.2025, kl. 12.06 Oppdatert 21.10.2025, kl. 12.59

Read Entire Article