Person omkomen etter å ha hamna i elv i Sogndal

1 month ago 14



Klokka 16:39 melder politiet at personen er død.

Alle nødetatar vart sende ut då politiet i Sogndal fekk melding frå forbipasserande om at ein person har hamna i Sogndalselvi.

Meldinga kom 14:43.

Det er mykje vatn og sterk straum i elva.

Mannskap frå brannvesenet var først på staden og henta personen opp på eit berg i elva.

Klokka 15:48 landa ein luftambulanse frå Bergen. Sidan kom også eit redningshelikopter frå Florø.

Politioverbetjent Svein Inge Krogh Harberg opplyser at årsaka til hendinga er ukjent, og at dei så langt ikkje kjenner identiteten til personen.

Sogndalselvi er ei elv i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Den er hovudelva i Sogndalsvassdraget og renner frå Dalavatnet til Sogndalsfjorden.

_MG_9913

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Publisert 03.09.2024, kl. 16.15

Read Entire Article