Ulukka skal ha skjedd i eit sosialt lag, seier politiet til NRK.
– Vi holder på med etterforsking for å få belyst kva som eigentleg har skjedd her. Det har vi ingen konklusjon på, seier Eskil Hagen Olsen, operasjonsleiar i søt-øst politidistrikt.
Krimteknisk gjer tekniske og taktiske undersøkingar.
– Det er ein person som er sikta i saka for at vi meiner at vedkommande har medverka til ulykka. Men det handlar om å få belyst saka, så det er ikkje noko svar på at vedkommande har skyld i det, seier han.
Kriseteam
– Vi er ferdige med å varsle pårørande. Dei som har vore til stades blir varetatt av kriseteam frå kommunen, seier Olsen.
Publisert 27.04.2024, kl. 04.49 Oppdatert 27.04.2024, kl. 04.59