Person hamna i elv i Sogndal - alle nødetatar er sende ut

1 month ago 20



Alle nødetatar er sende ut etter at politiet i Sogndal fekk melding frå forbipasserande om at ein person har hamna i Sogndalselvi.

Det er mykje vatn og sterk straum i elva, melder politiet.

Mannskap frå brannvesenet var først på staden og henta personen opp på eit berg i elva.

Klokka 15.48 landa luftambulansen. Sidan kom også eit redningshelikopter.

Politioverbetjent Svein Inge Krogh Harberg opplyser at det er ukjent årsak til hendinga.

– Personen er teken i land på ei øy i elva. Eg kan ikkje seia meir om tilstanden, seier han til Sogn Avis.

Sogndalselvi er ei elv i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Den er hovedelva i Sogndalsvassdraget og renner fra Dalavatnet til Sogndalsfjorden.

Publisert 03.09.2024, kl. 16.15

Read Entire Article