Per Gustavsen er glad i å prate. Han har køyrd taxi i 24 år og likte turane med både skolebarn og eldre.
30. september hadde han sin siste taxitur som drosjeeigar. I oktober selde han taxien.
Det gjekk ikkje meir. Alle timane i bilen har øydelagt knea mine, fortel han.
Tidlegare hadde Gustavsen andre sjåførar som køyrde for han delar av dagen og i helgane. Etter frisleppet i taxinæringa måtte han køyre meir sjølv.
– Det blei ikkje noko tak på løyva og da ville sjåførane heller ha eigen bil. I tillegg blei vi altfor mange som konkurrerte om dei same kundane.
Meir enn fordobling av talet på taxiløyve
I 2020 opna Solberg-regjeringa for fleire liberaliseringar i drosjenæringa.
Blant anna blei taket for kor mange løyve som kan tildelast i eitt fylke fjerna. I tillegg blei kravet om å tilhøyre ein drosjesentral fjerna.
Det førte til meir enn ei dobling av talet på drosjeløyve, ifølge tal frå Noregs Taxiforbund.
1. januar 2021 var det 7.151 drosjeløyve i Noreg. To år seinare var talet auka til 18.212.
Det reduserte ventetida for taxikundane, men for sjåførane fekk det motsett effekt.
– Det blei lange ventetider mellom turane. Du må doble arbeidstida di for å tene nok, men 14–15 timar i bil går ikkje, seier Gustavsen.
Færre oppdrag
Frå tidlegare kollegaer får han støtte.
Drosjeeigar Torhild Skytøen har køyrd taxi i ti år, og merka ei stor endring etter frisleppet i 2020.
– Oppdraga har blitt færre. Det er mykje ventetid på kundar, og det slit på det psykiske, seier Skytøen.
Også ho har fått ein arbeidsdag på opptil 15 timar dagleg.
– Det må eg for å kunne overleve og drifte bilen. Eg har ikkje råd til ein ekstra sjåfør, fortel Skytøen.
Begge fortel om tøffe arbeidsdagar. Det er dei ikkje aleine om, ifølge Noregs Taxiforbund.
– Folk er fortvilt og tenker mykje på korleis dei får nok inntening til både drift av bil og eiga lønn.
Det seier Ilir Neziri, leiar av Noregs Taxiforbund, avdeling Vestfold.
Trur på betring
Forbundsleiaren har eit håp om at situasjonen kan bli betre på sikt.
Støre-regjeringa har reversert nokre av endringane i Solberg-regjeringa i drosjenæringa. Det skjedde 1. september i år.
– Det gjekk over styr ei stund, men nå er det innført krav om at alle må ha taksameter og tilhøyre ein drosjesentral. Det har blitt ein del færre løyve etter det, seier Neziri.
Ifølge Noregs Taxiforbund er talet på løyve nå 14.179.
Dei forventar ei ytterlegare redusering i talet på løyve frå 1. mars 2025 når krava om tilknyting til ein sentral blir sette i verk.
Frp: Tar sjølvkritikk på taxireforma
Framstegspartiet var eitt av partia som stemte for dei store endringane i taxinæringa for fire år sidan.
Stortingsrepresentant Morten Stordalen meiner endringane kom først og fremst fordi bransjen sjølv ønskte det.
Prisen for taxi hadde auka år for år for kundane og store delar av drosjenæringa i Noreg hadde raude tal i rekneskapen.
– Det var noko usunt over heile næringa den gongen. Men vi kan diskutere nå om reforma trefte som ho burde, erkjenner Stordalen, som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
– Kvifor trefte de ikkje?
– Eg veit rett og slett ikkje heilt. Ingen sat med fasiten. Vi som politikarar skal vere ærlege på at alt vi innfører første gong, ikkje alltid treffer planken, seier Frp-politikaren.
Han meiner likevel at endringane Støre-regjeringa har gjort ikkje har fanga opp eit stort problem i bransjen; at prisen på ein drosjetur kan variere frå bil til bil.
– Det er jo ikkje sånn at når ein skal ut og fly eller ta tog, så varierer prisane gong for gong. Eg seier ikkje at det gjeld generelt, men kundane må bli betre varetatte, seier Stordalen.
Publisert 11.11.2024, kl. 17.38