– Norske kvinner vil ha klede i reine materiale som bomull, silke og lin.
På det rosa kontoret til Villoid er gründer Jeanette Dyhre Kvisvik omringa av klede.
– Dette er det norske kvinner vil ha, skryter ho, og løfter opp ein rosa kjole til 1700 kroner.
Salspersonen er aktivert når ho stolt viser fram dei utselde klesplagga. Pengane sit laust hos nordmenn. Fjorårets omsetning var på rekordhøge 520 millionar.
Vil bremse pengebruken
Sjeføkonom Kjersti Haugland i Nordea er ikkje overraska over at pengane flyr ut av lommebøkene.
For å bremse pengebruken, sette Noregs Bank opp styringsrenta til 4,25 prosent førre veke.
– Det er lett å gløyme at lønnsoppgjeret sikrar oss auka kjøpekraft.
Sjeføkonom Kjersti Haugland i Nordea forventar at folk brukar meir pengar i butikkar og på nett.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKDet gjenstår enda å sjå kor mykje pengar årets lønnsoppgjer sikrar forbrukarane, men i år anslår DNB at lønnsoppgjeret ligg på 4,6 prosent.
– Likevel gjer høgare rentekostnadar at nokon får mindre til overs for å bruke på andre ting.
Tusenlappane sit laust
Det merkar ikkje Kvisvik enda.
Ein halv million nordmenn bestilte klede hos Villoid i fjor, og gjennomsnittsprisen ligg på 1700 kroner per bestilling.
Det er nesten dobbelt så mykje som det SIFO reknar at kvinner kan bruke på klede og sko i månaden.
På hovudkontoret heng klede i lyse fargar frå kjente, norske klesmerke som Pia Tjelta, Holzweiler, Bytimo og Ella og il.
Desse merka har ein prislapp på godt over tusenlappen.
Ein svært populær strikka kardigan er prisa til 4000 kroner.
– Denne vil alle ha no, skryter ho.
2500 kroner er heller ikkje uvanleg for ein jeans.
– Vi har vore igjennom eit titals rentesvingingar sidan oppstarten, men ser at det ikkje påverkar kjøpevanane, fastslår ho.
Gir ei lykkekjensle
Når rentene stig, kjenner folk ofte på at dei har mindre råd.
Kvifor pengane likevel flyt ut av lommeboka, har professor Asle Fagerstrøm hos Høyskolen Kristiania svaret på.
Han har forska på forbrukaroppførsel.
Professor Asle Fagerstrøm hos Høyskolen kristiania meiner dei med dårlegast råd handlar mest.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK– Å kjøpe nye ting gir definitivt ei spontan lykkekjensle.
Dette går ofte utover dei med dårleg råd, og kallast leppestifteffekten.
– Det er vanleg å kompensere for frykta for framtida med spontan nyting. Når det går dårleg økonomisk er det også lett å tenke kortsiktig.
Handlar du ofte på impuls?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Han har eitt råd til dei som handlar på impuls når tidene er dårlege.
– Utsett avgjerda, ikkje kjøp i dag, vent til i morgon. Da har kjenslene roa seg og den meir rasjonelle delen av hjernen har tatt over i staden for.
Mindre luksus og billigvarar
– Det er ingen tvil om at klede både skapar folk, men dei gir deg òg ei kjensle av sjølvtillit, seier Kvisvik
Ho trur renteauken gjer at folk handlar mindre luksusvarer og mindre billigvarer.
– Og midt inni der ligg vi, og eg trur vi har treft blink for norske kvinner.
Publisert 15.05.2026, kl. 05.40















English (US)