Palestinske leiarar drepne i israelsk angrep mot Beirut

1 week ago 4



Tre leiarar i Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) er drepne i eit israelsk droneangrep mot ei leilegheit i Kola-distriktet i Beirut, seier gruppa sjølv.

Augevitne fortel til Reuters at dei tidleg natt til måndag høyrde eit høgt smell og såg røyk stige opp frå eit hol i øvste etasje på eit leilegheitsbygg, og at det såg ut til at angrepet var svært målretta.

NRK sin korrespondent i Beirut, Yama Wolasmal, med siste nytt måndag morgon.

Bygget ligg nær Kola-krysset, eit kjent knutepunkt omtrent ti minutt frå Beirut sentrum.

Dette er første gong sidan 2006 at Israel bombar Beirut utanfor Dahieh, den sørlege forstaden der Hizbollah har halde til.

Måndag morgon fortel libanesarar at angrepet skremmer dei, og at dei no er nervøse for at Israel vil eskalere til å ramme andre område som har vore ute av faresona så langt.

Ei kvinne med kvit hijab og ein mann med raud fotballdrakt med namnet Mbappé og talet sju på ryggen, står med ryggane mot kamera og ser opp på ei boligblokk som er øydelagd i eit bombeangrep.

To ungdom ser på nattas øydeleggingar, morgonen etter.

Foto: Hussein Malla / AP

Hamas-leiar drepen

På meldingstenesta Telegram opplyser PFLP at det dei drepne i Beirut er leiaren i politbyrået, Mohamed Abdel; PFLPs militære leiar for Libanon, Imad Awda; og Abdul Rahman Abdul Aal. PFLP oppgir ikkje kva rolle sistnemnde har hatt.

Ei libanesisk tryggingskjelde seier til nyheitsbyrået AFP at minst fire personar blei drepne.

– Minst fire personar blei drepne i eit israelsk droneangrep retta mot ei leilegheit som tilhøyrde Jamaa Islamiya i Beiruts indre by, seier kjelda.

Israel har ikkje kommentert opplysningane.

Israelsk luftangrep i Beirut sentrum natt til 30. september 2024. Redningsmenn sjekker en bil.

Frå angrepet natt til måndag.

Foto: Bilal Hussein / AP

Måndag morgon skriv Hamas på Telegram at deira leiar i Libanon, Fathi Sharif Abu al-Amin, også blei drepen natt til måndag.

Han skal ifølge Hamas ha blitt drepen i eit israelsk luftangrep i flyktningleiren al-Buss sør i Libanon, ikkje langt unna byen Tyr.

Kampfly frå det israelske luftforsvaret har også «angripe titals rakettramper og bygningar der det blei oppbevart våpen i Bekaa i Libanon», står det i ei utsegn frå IDF på meldingstenesta Telegram natt til måndag. Minst fem er drepne der, skriv Al Jazeera.

Ein million kan bli sende på flukt

Søndag blei minst 105 menneske drepne i israelske angrep i Libanon, og 359 såra, ifølge tal frå helsedepartementet i Beirut. Det markerte også ei veke med israelske luftangrep i Libanon. Veka starta måndag 23. september, som blei den dødelegaste dagen i Libanons historie sidan den libanesiske borgarkrigen.

Libanons statsmininister Najib Mikati sa søndag at ein million personar kan bli sende på flukt av angrepa. Allereie er det meldt om ein halv million fordrivne, mellom dei fleire syriske flyktningar som har budd i Libanon dei siste åra.

To menneske ligg på tynne madrassar med laken over seg. Dei ligg på bakken ute, under eit tre. Rundt dei er det strødd med søppel.

To som er fordrivne frå heimane sine søker ly i ein park nær der luftangrepa trefte i natt. Israels angrep kan sende ein million på flukt, ifølge den libanesiske regjeringa.

Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters

Frankrikes utanriksminister Jean-Noel Barrot har vore på besøk i Libanon sidan søndag kveld.

Han møtte med statsminister Najib Mikati seint søndag kveld, og sa då at Paris jobbar for ein «umiddelbar stans» av dei israelske angrepa.

Frankrike og Libanon har historisk tette band, og Frankrikes president Emmanuel Macron har gitt si støtte til Libanon i konflikten. Nyleg bad han både Hizbollah om å slutte å angripe Israel, og Israel om ikkje å eskalere i Libanon.

Publisert 30.09.2024, kl. 05.53 Oppdatert 30.09.2024, kl. 07.59

Read Entire Article