Oslo-filharmonien sviktar norsk musikk

1 day ago 11



Vi samler opp avisens kortinnlegg i spalten «Kort sagt». Her er dagens innlegg. Foto: Ketil Blom Haugstulen / Ellen Eriksen

Publisert: 01.07.2024 01:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

«Oslo-filharmonien gjør vårt lille land mer synlig», skriv orkesterets direktør Knut Skansen i programmet for sesongen 2024/2025 for Oslo-filharmonien (OF).

Han tenkjer på at OF med solistane Vilde Frang og Leif Ove Andsnes skal på Europa-turne til Salzburg, Berlin, Brüssel, Stuttgart, Wien, Hamburg og Dortmund.

Direktørens ønske om å gjera «vårt lille land mer synlig» gjeld berre musikarane, ikkje musikken. Det er ikkje ein einaste norsk komposisjon på programmet for dei åtte OF-konsertane ute i Europa!

Sesongprogrammet for OF-konsertane i Oslo inneheld heller ikkje mange norske nummer.

Eit lyspunkt er fiolinkonserten til Hjalmar Borgstrøm (1864–1925) som OF skal spela i mars med Eldbjørg Hemsing som solist. Av klassisk symfonisk norsk musikk byr orkesteret elles berre på to korte nummer av Christian Sinding og Edvard Grieg. Samtidskomponisten Kristine Tjøgersen (fødd 1982) er representert med eitt verk i sesongprogrammet 2024/2025.

Konklusjon: Svært lite norsk musikk på programmet til OF i den komande sesongen.

Kven skal ta vare på arven etter Johan Halvorsen, Ludvig Irgens-Jenssen, Eivind Groven, Fartein Valen, Harald Sæverud, Geirr Tveitt, Arne Nordheim og andre norske komponistar?

Sigvart Østrem, Stavanger

Read Entire Article