I Dakars gater kan ein høyre folk snakke om «Norvège» både her og der, og ikkje minst denne superspissen dei kallar «Aland».
Mens dei norske og senegalesiske spelarane ladar opp til nattas kamp i New York, herskar det fotballfeber og ein solid dose sjølvtillit på motsett side av Atlanterhavet.
I Senegals hovudstad er tonen alt anna enn beskjeden før møtet med Noreg.
– Senegal kjem til å slå Noreg, naturlegvis. Me har eit betre lag enn Noreg. Me er nummer 14 på FIFA-rankinga, seier Kalidou Dramme.
Dramme trur Senegal kjem til å slå Noreg.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK– Me er overlegne Noreg, men me ønsker verkeleg at Noreg kvalifiserer seg som ein av dei betre gruppetrearane.
Dei norske stjernene ruller over TV-skjermane i Dakar kvar einaste dag. «Alle» kjenner Haaland.
– Det er takka vere generasjonen til Haaland at Noreg har kvalifisert seg til VM, seier Dramme.
– Men det er også Ødegaard?
– Ja. Ødegaard og også laget til Bodø/Glimt, som gjorde det utmerka i Champions League, har fleire spelar på laget. Så det er eit lag som kan gje oss trøbbel.
– Me er ikkje redde for Haaland
Men senegalesarane skjelv ikkje akkurat i buksene. I ein frisørsalong, klemt mellom bilmekanikarar og sveisarar, står Kadja Ba.
Ho forstår knapt spørsmålet når NRK spør om ho er redd for kva det norske laget kan stelle i stand.
– Me er ikkje redde for noko som helst. Aldri. Me er ikkje redde for Haaland. Me har Sadio Manè og resten av laget, seier Kadja Ba.
Ba er trygg på at det blir siger til Senegal.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKLitt lengre ned i gata står ein gjeng motorsykkelsjåførar, som alle ventar på nye kundar. Fotball er det opplagde samtaletemaet, men diskusjonen er ikkje høglydt – for dei er alle einige.
– Noreg er i overkant avhengig av toppscoraren sin, meiner Kana, og får full støtte frå kameratane rundt.
Han meiner éin spelar ikkje kan vinne over 11 gode spelarar, og hintar då til sitt eige landslag.
Haaland er den einaste farlege spelaren Noreg har, meiner Kana.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK– Me kjem ikkje til å tape fordi Haaland vil ikkje klare å stanse oss frå å vinne, seier Kana.
Sikre på siger
På nasjonal TV blir Ståle Solbakken sine kommentarar dubba til fransk.
Han er ikkje redd Senegal, men han har respekt for det afrikanske laget, oppsummerer programleiaren før dei går over til å snakke om «Aland».
Phate Mbodj har trua på Senegal.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK– Om spelarane har trua på seg sjølv, så kjem Senegal til å vinne. Om Gud vil. Om trenaren tek ansvaret sitt på alvor om det er noko som ikkje stemmer, så vil han gjere nokre raske bytter, seier Phate Mbodj.
Om det likevel skulle ende med eit senegalesisk tap i natt, lovar Yoro Dieng å vere ein god tapar – sjølv om han har vanskeleg for å sjå det for seg.
– Alle seier at dei kjem til å vinne, men ikkje alle kan vinne. Det må folk lære seg og dei må akseptere det. Om det skulle vise seg at dommen blir at Noreg vinnar, så: Bravo Noreg. Men det er berre det: Senegal kjem til å vinne, seier Yoro Dieng og ler godt av sin sjølvmotseiande kommentar
.
I gatene i Dakar er det fotballfeber.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKSenegal tapte første VM-kamp mot tidlegare kolonimakt Frankrike. Skulle dei tape eller spele uavgjort i kveld vil Noreg ligge godt an til andreplass i gruppa, medan Senegal må slå Irak for å vere sikra avansement.
Men enn så lenge er dette berre teori i Senegal, for i det mest fotballgalne landet i Afrika er alle sikre på siger i natt.
Publisert 22.06.2026, kl. 20.59 Oppdatert 22.06.2026, kl. 21.10














English (US)