I dag er det offisiell opning av det nye bygget på Nord universitet i Bodø.
Noatun er namnet på det nye bygget som skal huse studentar og forskarar innan biologi, dyr og hav.
Bygget er kalla opp etter heimen til den norrøne guden Njord, som hadde ansvaret for havet, trygg segltur, godt fiske og rikdom frå havet.
Bygget er 8.400 kvadratmeter stort og inneheld mellom anna: to kjemilaboratorium, simuleringslab kopla opp til oppdrettsanlegg, og ulike spesiallaboratorium for forsking.
Forskings og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel i Senterpartiet, er i Bodø for å delta på opninga.