Opnar døra på gløtt for ny bybanetunnel

1 month ago 25



Bybanekrangelen i Bergen

Byrådet i Bergen vil ha underjordisk stopp i eit område Riksantikvaren eigentleg vil freda.

bryggen
BAK, IKKJE FRAMFOR: Eigentleg skulle Bybanen i Bergen gå framfor Bryggen, men no ser det ut til at den likevel skal gå i fjellet bak. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 16.08.2024 20:32

– Det har vore veldig mykje fram og tilbake i denne saka. Det vi har fått presentert og sett no, det er eigentleg berre prikkar på eit kart.

Riksantikvar Hanna Geiran møter TV 2 på Kontraskjæret i Oslo. I bakgrunnen rullar dei nye trikkane i hovudstaden stille forbi både oss og rådhuset.

Det har ikkje gått like leikande lett på skinnene i Bergen.

Raskt samanfatta har det gått 483 dagar sidan Riksantikvaren sa «ja» til at Bybanen kunne passera forbi verdsarven Bryggen.

Og så har det gått 315 dagar sidan Høgre gav blaffen i eigne valløfte og sikra makt ved å ta nok ein omkamp i den mildt sagt langvarige bybanestriden.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
BYBANEN: Krangelen om kor denne skal gå gjennom Bergen sentrum til Åsane har skugga for nesten alt i bergenspolitikken i over ti år. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Utfordringar i kø

No har det gått sju dagar sidan leiinga i Vestland fylkeskommune og det same byrådet presenterte eit nytt tunnelforslag

– Spennande, seier riksantikvaren om kompromisset byrådet håpar skal samle byen ein gong for alle.

 Sorosh Sadat / TV 2
NYTT FORSLAG: Bybanen bør ikkje gå over Bryggen (i midten av kartet), men heller i ei sløyfe rundt Christies gate og i tunnel via Sverresborg til Sandviken, meiner byrådet og fylkesleiinga. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Det er likevel ei lang rekke utfordringar som må forserast og løysast om det skal kunne bli bybanetunnel i fjellet bak Bryggen, som hamna på Unesco i verdsarvliste i 1979.

For bygginga av tunnel utgjer også ein risiko for Bryggen og mellomalderbyen i Bergen.

«Uakseptabel risiko», slo faktisk fagetaten i kommunen fast då dei fråråda sitt tunnelforslag tilbake i 2021. Det handlar kort fortalt om at sprenging av tunnel kan føre til påverknad av grunnvatnet.

Som igjen kan påvirke bygningar av historisk verdi i sentrum, til dømes ved at dei blir meir ustabilte, får setningsskader eller byrjar synke.

Det er til sjuande og sist Riksantikvaren som avgjer om risikoen til slutt vil vera akseptabel når, og om, ein ny runde med regulering blir ferdig.

Opnar døra på gløtt

– Det står att veldig mykje arbeid med grunnundersøkingar og målingar før ein veit nok om fjellkvaliteten og grunnvatnet til å slå fast at dette ikkje vil utgjere ein trussel, seier tidlegare byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) til Bergens Tidende fredag.

– Vi er jo særleg opptekne av grunnvannstanden. Bryggen må stå, fundamenta må vera sikre. Og all den spennande bergenshistoria i grunnen i mellomalderbyen, må vi ta godt vare på, seier riksantikvar Geiran.

Men, som ho påpeikar sjølv, har Riksantikvaren vore positive til ei tunnelløysing tidlegare

– No må vi passe på og finne ut kva dette forslaget faktisk har for konsekvensar for Bryggen og for grunnvannstanden. Vi er nøydde til å greia ut dette alternativet godt og grundig. Eg er trygg på at det blir ein god prosess denne gongen også, slik det var med Bryggen-alternativet.

 Kristoffer Søvik /TV2
RIKSANTIKVAREN: Hanna Geiran vil bidra til at bybanefloken i Bergen blir løyst. – Det er eit viktig klima- og miljøprosjekt for Bergen. Foto: Kristoffer Søvik /TV2

Vil frede der underjordisk stopp kan koma

For å nettopp minimere risikoen, blir ein underjordisk haldeplass i fjellet bak Bryggen droppa i det nye tunnelforslaget. 

I staden blir det snakka om eit underjordisk stopp litt lenger nord, i området ved Sverresborg. 

Men dette området ved Bergenhus festning, har nettopp Riksantikvaren eit ønskje om å frede.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
SVERRESBORG: I området rundt Sverresborg kan det kome underjordisk stopp for Bybanen. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

TV 2 spør difor om eit underjordisk stopp med utgangar i dette området er noko Riksantikvaren kan godta.

– Vi kan ikkje ta stilling til det før vi har eit vedtak i fylkeskommunen og kommunen.

– Men vi skal vera løysingsorienterte, sjølvsagt skal vi det, for å få det til. Folk må få komme seg på Bybanen, svarar riksantikvaren.

Det er altså bystyret i Bergen og Vestland fylkeskommune som skal bestemme seg for kva som skal skje vidare. 

Riksantikvaren kan gi innvendingar til løysinga gjennom fylkeskommunen, slik dei også gjorde med Bryggen-alternativet før dei til slutt sa ja til den i 2023.

Read Entire Article