Opnar den nye Nevernesbrua

6 hours ago 4



I ettermiddag opnar den nye Nevernesbrua etter to år med bygging.

Det opplyser Nordland fylkeskommune i ei pressemelding.

Det vil gå for seg utan verken hornorkester eller snorklipping.

– No er vi akkurat ferdige med asfalteringsarbeid. Då er det ikkje noko å vente på. Vi ønsker jo å sleppe trafikken over med ein gong, når det no er ferdig asfaltert og klart til bruk.

Det seier fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø.

Den gamle brua frå 1960 blei tatt av flaumen Sally i Ranelva 21. september 2020. Arbeidet fram til no har hatt ein kostnad på 100 millionar kroner.

Ny asfalt er lagt, men det det gjenstår framleis litt arbeid. Merking vil bli gjort først i neste veke, og i tillegg skal det bli gjort meir arbeid langs vegane som er knytt til brua.

Read Entire Article