Opna historisk anlegg: – Plasserer Noreg i verdstoppen

1 week ago 9



Torsdag blei ein spesiell dag i Øygarden kommune, 

Energiminister Terje Aasland kunne endeleg opne det enorme Northern Lights-anlegget.

– Dette er kjempeviktig for å handtere klimautfordringane. Noreg plasserer seg i verdstoppen når det gjeld kunnskap og teknologiutvikling i tilknyting karbonfangst og lagring, seier Aasland. 

Anlegget er verdas første for fullskala, kommersiell transport og lagring av CO₂. Northern Lights er ein del av norske styresmakter sitt «Langskip»-prosjekt for å kutte klimautslepp. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
HISTORISK: Dette anlegget er historisk, som det første anlegget for fullskala, kommersiell transport og lagring av CO2 Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Første spadetak på tomta blei tatt i januar 2021. Snart tre år seinare er det ein stolt Equinorsjef som ønskjer velkommen. 

– Dette kjem til å vere viktig om verda skal nå netto null. Då må det bli meir av denne typen anlegg verda over, seier Anders Opdahl. 

Frå fabrikk til havbotn

Tre selskap samarbeider om den historiske terminalen i Øygarden: Equinor, Shell og TotalEnergies. 

Inngikk avtale om karbontransport og -lagring

Formålet med anlegget er å sleppe mindre karbondioksid frå industrien ut i lufta. 

– Vi veit mange industrisektorar ikkje har moglegheit for å kutte utsleppa sine enn å bruke karbonfangst og lagring. Dette skapar ein æra for framtidig industriutvikling i ein europeisk kontekst, og det skal vi vere stolte av, seier Aasland. 

I første omgang skal Northern Lights handtere CO₂ frå to fabrikkar.

Karbondioksidet blir fanga i produksjonen, lagra på eigne tankar og frakta til Øygarden med spesialbygde skip. 

Etter lagring på terminalen i Energiparken, blir CO₂ sendt vidare til reservoar som ligg 2600 meter under havbotnen.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
STOLT: Anders Opedal er konsernsjef i Equinor. Torsdag viste han stolt fram det nye anlegget i Øygarden. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Er de sikker på at dette er trygt for miljøet? 

– Dette skal lagrast veldig djupt der eit leirlag sørgjer for at CO₂-ein ligg der han skal ligge. Vi har 30 års erfaring frå Slepner- og Snøhvit-felta, og vi veit at det er trygt, seier Opdahl. 

Første av sitt slag 

– Northern Lights er på ein måte olje- og gassproduksjon motsett veg, seier Eirik Falck da Silva, forskingsleiar i Sintef.

Han forklarar at CO₂ går frå fangstanlegg, via skip og rør, før det blir injisert trykksett i ein geologisk formasjon under havbotnen. 

– Det viktige her er at det ikkje skal lekke. Ein må vere sikker på at det er bergartar på toppen som sørgjer for at CO₂-ein held seg der. 

 Slik fungerer langskip-prosjektet til Northern Lights, som skal fange, transportere og lagre CO<sub>2</sub> på norsk sokkel. Foto: Northern Lights
PROSJEKT: Slik fungerer langskip-prosjektet til Northern Lights, som skal fange, transportere og lagre CO2 på norsk sokkel. Foto: Northern Lights

Han fortel at Noreg allereie har to pågåande prosjekt på CO₂-lagring. Northern Lights skil seg ut som det første fangstanlegget som tar i mot CO₂ frå fanganlegget på land. 

– Og det er planlagt å utvide. I første runde kjem CO₂ frå eit sementanlegg, men dei har kapasitet til å ta i mot vesentleg meir CO₂ frå fleire industrianlegg, også i utlandet. 

– Er det trygt? 

– I riktige geologiske formasjonar er vi sikre på at det er trygt. 

Garanterer suksess

Mange hugsar kanskje den såkalla månelandinga på Mongstad, CO₂-prosjektet som feila fullstendig. 

Då TV 2 laga sak om Northern Lights-prosjektet i 2021, lova noverande prosjektdirektør Sverre Overå at dette blei noko heilt anna.

– Kjem det til å fungere denne gongen? 

– Ja, det vil fungere. Vi set saman kjente byggeklossar. Dette har vi gjort før, i ulike former, sa Overå den gongen.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
KLART: Anlegget i Øygarden er klart til bruk, etter fleire års planlegging. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

På opningsdagen nesten tre år seinare er energiminister Aasland like optimistisk som Overå i 2021.

– No viser vi at vi kan få opp ein verdikjede for karbonfangst og lagring. Det betyr mykje i den store samanhengen. 

Staten betalar 80 prosent av prestisjeprosjektet.

– No har den norske staten tatt ansvar for at vi er kome hit. No er det viktig å få dette over i ein kommersiell fase, slik at vi kan fange dei store mengede i dei vanskelege sektorane, seier Aasland. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VIKTIG: Energiministeren seier anlegget i Øygarden er eit viktig prosjekt for å få ned klimagassutlsepp. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Anlegget i Øygarden står no klart til bruk. Viss alt går etter planen, vil dei første skipa levere inn CO₂ innan mai neste år, seier Aasland.

– Er det litt prematurt å opne allereie no? 

– Nei, det er det ikkje.  Dette kuttar klimagassutslepp og tryggar arbeidsplassar. Det er viktig å markere.

Read Entire Article