Omskrivingar

1 month ago 21



Det er in for tida å skrive om alle slag titlar, diagnosar, ord og uttrykk, ja endå skrote dei.

Lenge gjekk det veldig greitt om fylkesmannen var ei kvinne. Det er jo likestillinga som gjer at den tittelen måtte endrast, har eg skjøna. Men, det vil eg seie; statsforvaltar fortel mykje meir om kva stillinga inneber. På bildet statsforvalter i Agder Gina Lund. Foto: Tormod Flem Vegge

Namn vi har levd godt med i mange tiår. Men nå blir vi så lett krenka, at realitetane må skrivast om. Vi er endåtil så effektive at vi går inn i eldre litteratur, særleg bøker for born, og gjer omskrivingar, fordi nokon trur at «ting blir borte», bare ingen får lov å nemne dei.

Pippi, i Astrid Lindgrens bøker, får ikkje lenger lov å ha ein negerkonge til pappa. Har vi rydda bort rasisme når ordet neger er ulovleg å bruke? Det ser ikkje slik ut.

Thorbjørn Egners barnesongar er og blitt «justert», eller fjerna. Det er nok ikkje nokon born nå, som får høyre om «vesle Boa som var ein ekte hottentott».

Kva er dette for slags påfunn? Og er samfunnet blitt noko betre av desse utskiftingane? Nei, for mobbinga er verre enn nokon gong, og blir meir og meir «avansert».

Før heitte det erting. Det var ikkje greit det heller, men det herda nok mange, for der var ikkje mykje trøyst å få, korkje heime eller av lærarar. Innstillinga var, at noko måtte ein tåle. Og dei fleste har klart seg bra på tross av vanskar i skulen.

Så har vi yrkestitlar.

Lenge gjekk det veldig greitt om fylkesmannen var ei kvinne. Det er jo likestillinga som gjer at den tittelen måtte endrast, har eg skjøna. Men, det vil eg seie; statsforvaltar fortel mykje meir om kva stillinga inneber. Før hadde vi problem med å skilje fylkesmann og fylkesordførar frå kvarandre.

Du er ikkje lenger sjukepleierske eller lærarinde. Nå er alle sjukepleiarar eller lærarar. Slett ikkje gale. Men har det hjelpt likestillinga?

Men der er ein yrkestittel som dei ikkje har våga å endre ennå. Det er jordmor. Det finst menn som har valt dette yrket, men dei er i fåtal. La oss ha jordmora i fred!

Forskjellige tilstandar og diagnosar har også fått «betre» namn. Demens er eitt døme på dette. Nå skal det heller heite «menneskje med kognitiv svikt». Kva gjer det med sjukdommen? Her er det tale om stigmatisering. Det har vore ein sjukdom knytta til mykje skam. God folkeopplysning har hjelpt. Det har også tv-serien Demenskoret gjort, på tross av namnet? Etter kvart veit dei fleste at det er ein sjukdom som angrip hjernen og at han er dødeleg.

«Handicapped» er heller ikke bra lenger, det skal visst heite «nedsatt funksjonsevne». Eg spør igjen; blir det bedre å bruke rullestol, krykker og rullator da? På tysk heiter det «behindert», og «körperbehindert». Veit ikkje om det er endra. Men tyskarane er ikkje så kåte på likestilling som vi er i Noreg. Dei held endåtil på tre kjønn i grammatikken; hankjønn, hokjønn og inkjekjønn!

Vi har i lengre tid prøvd å få bort ord som «galning». Det var mange gårdar som hadde «galningar» som attåtnæring før. Eg skjønar ikkje at songtittelen til Lars Bremnes har fått leve: «Æ skulle spille for de gale»?

Det har lenge heitt psykisk utviklingshemma, og vi er blitt vane med det. Men nå er visst heller ikkje det bra nok.

Så måtte toalett-skiltinga redigerast. Men eg spør igjen er det betre å sitte i rullestol nå, når du skal på toalettet?

Og så skal toaletta være unisex. «Om vi sit eller står», skal ikkje ha noko å seie.

Før tala vi om «familiens sorte får». Nå må det vel heite: «lam med tilpasningsvanskar»?

Read Entire Article