Oljefondet fall i verdi i første halvår

6 hours ago 3



Oljefondet fekk ei avkastning på 5,7 prosent i første halvår i år, går det fram av halvårsrapporten.

Verdien til fondet fall likevel med 156 milliardar kroner til 19 586 milliardar kroner i same periode. Fondet skriv at ein av årsakene til dette, var at krona styrka seg mot fleire valutaer.

Aksjeinvesteringane utgjorde 70,6 prosent av verdien til fondet, medan renteinvesteringane låg på 27,1 prosent. Unotert eigedom utgjorde 1,9 prosent, medan unotert infrastruktur for fornybar energi var på 0,4 prosent.

I 2024 var fondet si avkastning på 13 prosent. Då auka den samla verdien med nesten 4000 milliardar kroner, mykje grunna både ein svakare kronekurs og fleire kroner frå staten.

Read Entire Article