Olje- og gassproduksjonen kjem til å falle etter neste år

1 month ago 29



Produksjonen stig nå fram mot 2025. I 2025 forventar vi at vi produserer omtrent det same som vi gjorde i 2006. Men frå 2025 forventar vi at produksjonen kjem til å gå ned.

Det seier Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analysar og sameksistens i Sokkeldirektoratet.

I dag kom Sokkeldirektoratet med sin Ressursrapport for 2024. Rapporten kjem ut annakvart år.

I rapporten kjem direktoratet med oppdaterte tal på kor mykje olje og gass som dei meiner framleis finst på norsk sokkel. Både det som alt er funne og det som potensielt kan finnast.

Og årets rapport viser at produksjonen kjem til å gå ned i åra som kjem.

Spørsmålet er kor bratt fallet blir.

Sokkeldirektoratet har utvikla tre moglegheitsbilde for total petroleumsproduksjon på norsk sokkel fram til 2050.

Alle moglegheitsbilda viser nedgang i produksjonen, men nedgangstakten er ulik avhengig av leiteaktiviteten og teknologiutviklinga.

Nå ligg vi an til at vi i 2050 har ein produksjon som er om lag ein tredel av det vi har i dag. Det er det naturlege fallet, og det er det som er forventninga, seier Dahle.

Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analyser og sameksistens i Sokkeldirektoratet.

Kjersti Dahle, direktør for teknologi, analysar og sameksistens i Sokkeldirektoratet.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Slik situasjonen er i dag, kan ikkje det vi finn og set i produksjon hindre ein relativt bratt nedgang i produksjonen.

– Nær eit oljefond i verdi

Viss teknologien blir utvikla, leitinga intensivert og det som blir funne, blir sett i produksjon raskt, vil fallet bremsast meir.

Viss det derimot blir lite leiting og investering i aktivitet, blir det ei rask avvikling av petroleumsbransjen i Noreg.

Alle desse tre scenarioa ligg innanfor den forventninga ein har for globalt fall i olje- og gassproduksjonen for å kunne møte Parisavtalen.

Rapport fra Sokkeldirektoratet som forteller om hvordan ressursene på norsk sokkel kan forvaltes over tid.

Produksjonsnedgangen i alle dei tre moglegheitsbilda er i tråd med oppfølging av Parisavtalen.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Dahle seier at det betyr mykje for inntektene til staten, men det avheng av åra som kjem.

Vi har rekna på at det kan vere nær eit oljefond i verdi i den differansen.

Dahle fortel at det er store moglegheiter igjen på norsk sokkel, og at vi er i ein posisjon der vi kan fortsette å vere ein sikker produsent av olje, gass og energi til Europa.

Men det må vere vilje til leiting og å investere i teknologi og å få ut meir av dei felta som allereie er i produksjon. For kvar leite-krone som blir investert, får vi tre kroner igjen.

Meiner det er viktig å bruke kompetansen på nye område

Jan Narvestad, administrerande direktør på Worley Rosenberg, seier at dei har god og høg produksjon relatert til olje- og gassindustrien.

For oss vidare framover er det utruleg viktig at vi klarer å halde oppe den aktiviteten, sånn at vi får høve til å vidareutvikle kompetansen. For å få det til å skje, er vi avhengig av å få påfyll av nye prosjekt.

Han er klar over at olje og gass vil ta slutt.

Administrerende direktør i Rosenberg, Jan T. Narvestad

Jan Narvestad, administrerande direktør på Worley Rosenberg, er bevist på at dei må tenke nytt i åra som kjem.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det som blir viktig for oss, er at vi klarer å vinne fram på dei store moglegheitene som ligg i dei kommande åra. At vi kan vinne prosjekt innanfor det fornybare og berekraftige segmentet.

Narvestad seier det er viktig at dei kan bruke kompetansen dei har opparbeidd seg på nye område.

Vi har konkrete prosjekt innanfor offshorevind, hydrogen, karbonfangst og batteriproduksjon.

Publisert 21.08.2024, kl. 10.00 Oppdatert 21.08.2024, kl. 10.03

Read Entire Article