Ole Marius har budd i Bodø i 50 år: – Aldri sett noko slikt

5 days ago 7



Førre helg blei mange bodøværingar overraska då dei gjekk søndagstur.

I fjæra låg nemleg to kvalrossar og kosa seg.

Og synet er sjeldan, ifølge kvalross-ekspert Rune Aae. Kvalrossane reiser nemleg vanlegvis åleine. Å sjå to på éin gong kan vere eit godt teikn.

– Som to gamle, plaga menn

Ole Marius Røsten var på løpetur ved Hunstadmoen langs byens nye kyststi då han oppdaga at andre turgåarar hadde fått auge på kvalrossane.

– Det høyrdest om lag ut som to gamle, fulle menn som blei plaga, men som har det bra på same tid, seier Røsten.

Ole Marius Røsten

Ole Marius Røsten var på joggetur då han plutseleg såg dei to kvalrossane.

Foto: Audun Selnes

Røsten har vakse opp i området. Både nise og spekkhoggar er han van med å sjå.

– Men eg har aldri sett kvalross i Bodø før, og eg har budd her i 50 år. Om det var vanleg burde eg jo ha sett det før, seier han.

– Dei var ganske rolege, sjølv om vi kom tett på.

Kvalrossane symde nært land for å beite muslingar og andre skjell frå havbotnen.

Foto: Iselin Hangaas Brenna

Ekspert: – Sjeldan dei reiser i par

Ekspert på kvalross Rune Aae frå Universitetet i Søraust-Noreg fortel at det ikkje er nokon openberr grunn til at dei to kvalrossane skal reise saman.

– Det er veldig sjeldan at dei reiser i par, seier Aae.

Rune Aae, biolog ved Høgskolen i Østfold

Rune Aae, biolog ved høgskulen i Østfold seier at sjølv om det ikkje er uvanleg at kvalross trekker sørover, er det uvanleg å sjå dei.

Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRK

Stort sett held hannane seg saman i store grupper på vestsida av Svalbard, medan hoene helt til på austsida. Dei møtest berre éin gong i året, midtvinters på nordsida av Svalbard for å pare seg.

– Nokon gonger ser ein streifdyr. Dei drar av nysgjerrigheit, eller fordi dei er utstøytt, seier eksperten.

Han fortel at det er vanleg å sjå kvalrossen på tur i Finnmark. Men jo lenger sør ein kjem, jo meir uvanleg blir det.

Det er heller ikkje vanleg at ein ser mange streifdyr på same tid. Då kvalrossen Freya blei kjend i heile Noreg sommaren 2022, var det to andre kvalrossar som sumde langs kysten av Noreg. Det var mange, ifølge Aae.

– Det er viktig for utskifting av genar at nokon tar den lange reisa.

– Vi veit ikkje om dei to kvalrossane i Bodø har reist samstundes, eller om dei har funne kvarandre på vegen.

Hvalross Bodø

På torvet i Bodø er det alltid kvalross. Det står nemleg ein statue av ein der laga av bilethoggar Ole Holand for at «ungane skal ha noko å boltre seg på».

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

– Men kva gjer dei eigentleg der langs kysten?

– Dei er muslingetarar og et 400 kg musling om dagen. Det finn dei langs grunna, og dei leiter heile tida. Dei står opp ned og et frå botnen.

For arten kan det vere eit godt teikn at ein no har sett fleire eksemplar som streifar saman. Det kan bety at populasjonen av kvalross er i ferd med å bli meir talrik.

– Jo meir kvalross ein får, både på austkysten av Grønland og på Svalbard, jo fleire streifdyr vil det bli. Så dette er som det skal vere.

Publisert 24.09.2025, kl. 19.11

Read Entire Article