Ola blei nekta taxitur – skulle ikkje langt nok

1 week ago 11



Etter eit par dagars ferie i Polen landa Ola Moe Eik på Flesland flyplass i Bergen, saman med sambuaren og barnet deira på berre nokre månader.

Siste hinder før den nystifta familien kunne ta fatt på køyreturen heim til Kvinnherad kommune i Vestland fylke var å hente bilen deira hjå mora til Eik, berre ein fem minutts køyretur unna.

Ola med barnet sitt i armene

Det var ein fin ferie, men avsluttinga på Flesland blei eit nederlag for Ola og familien.

Foto: Privat

– Sidan me hadde barnevogn og ein sovande baby blei me einige om at eg skulle ta første taxi ned til mor og hente bilen. Det er jo berre eit par minutt, så det kunne jo ikkje vere noko problem, seier Eik.

Men det var eit problem – han skulle for kort.

– Sjåføren spurte om eg skulle langt. Nei, seier eg, det er eit par minutt nedi her. Nei, då ville han ikkje.

Yrkestransportlova hindrar ikkje sjåførar å velje vekk oppdrag. Likevel kan det bryta med avtalar løyvehavaren har med flyplassane sine parkeringsselskap.

– Tar dei beste turane sjølv

NRK har vore i kontakt med fleire som har opplevd liknande situasjonar ved drosjehaldeplassen på Flesland.

Då NRK sjølv prøvde å få ein taxi-tur på fem minutt frå Flesland, vart reporteren oppmoda av seks forskjellige sjåførar å bestille taxi frå ein sentral. Då ville turen bli billegare, sa dei.

Reza sit i taxien sin, synleg i sidespeilet.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Lenger bak i køen venta sjåfør Reza Hovlandsdal. Han seier han er kjent med at nokon sjåførar ikkje vil ta dei korte turane.

– Mange tar dei beste turane, og sender dei korte turane til kameratar bak. Det er jo ikkje greitt, seier han.

Han seier sjåførane ventar i kø i minst 30-40 minutt for å få ein kunde, og helst vil ha utteljing for ventetida.

Reza Hovlandsdal på veg inn i taxien sin.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Dei fleste vil ha gode turar, sant, og dei har venta lenge. Nokon nektar, men eg er ikkje glad for det.

– Koste kva det koste vil

Eik meiner sjåføren prøvde å skremme han vekk med høge prisar då han insisterte på å bli køyrd den korte turen frå flyplassen.

– Eg hadde ein baby inne og trengde bilen for å få oss heim, koste kva det koste vil, seier Eik.

Då Eik takka ja til å betale 1000 kroner for turen, trakk sjåføren tilbodet, seier han.

NRK har vore i kontakt med fleire som er kjend med at nokon sjåførar avslår turar:

  • Taxiar

    Nadir Mohammad Alam / NRK

    Statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet

    Kalsås seier departementet kjenner til at enkelte løyvehavarar avslår turar. Han viser til nye krav frå regjeringa som skal gjere næringa meir seriøs.

    – Til dømes sentraltilknytningsplikt for løyvehavar. Frå 1. mars 2025 vil alle løyvehaverarar vere tilknytt ein drosjesentral. Sentralane kan stille krav til tilknytt løyvehavarar, mellom anna om at dei skal utføre alle turar.

  • taxi

    Nadir Mohammad Alam / NRK

    Jan Valeur, styremedlem i Norsk Taxiforbund

    – Etter frisleppet i taxinæringa står den enkelte løyvehavar mykje friare til å gjere som ein vil enn før, då ein gjerne høyrde til ein sentral. Fridomen til å velje ligg der, men fornufta i forhold til kva som er bra for kunden, er jo noko anna. Frå mi side vil eg seie at me skal ta dei oppdraga kunden treng. Dei innarbeidde og seriøse taxisentralane vil i hovudsak gjere det.

  • Tromsø lufthavn, taxi heilt til venstre

    Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

    Øystein Løwer, pressevakt Avinor

    – Avinor er kjent med at det på enkelte lufthamner tidvis kan vere ein utfordringar med å få sjåførane til å ta korte turar, men dette opplever vi ikkje som noko stort problem. For å få tilgang til Avinor sitt taxiområde, må ein inngå ei avtale med parkeringsoperatøren ved flyplassen. I denne avtala ligg det krav til den enkelte sjåfør om å køyre til passasjeren sin ønska destinasjon.

  • Taxi på Tromsø lufthavn

    Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

    Thomas Iversen, Forbrukarrådet

    – Me kjenner til problematikken frå fleire flyplassar, men får heldigvis ikkje mange spørsmål om dette kvart år.

    – Viss taxien nektar å køyre deg ein kort tur, bør du i første omgang spørje ein gong til om det er det dei faktisk meiner. Om dei ikkje vil køyre deg dit du ønskjer, må du finne ein annan taxi. Deretter ville eg klaga til drosjeselskapet, eventuelt fylkeskommunen og lufthamna.

Har krav om å køyre passasjerane dit dei vil

Avinor sin kommunikasjonsrådgivar Øystein Løwer stadfestar at sjåførane utføre flyplassane har forplikta seg til å køyre passasjerane dit dei vil.

Lang rekke taxiar på Flesland

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– For å få tilgang til Avinor sitt taxiområde, må ein inngå ein avtale med parkeringsoperatøren ved flyplassen. I denne avtalen ligg det krav om å køyre til passasjeren si ønska destinasjon.

Han seier dei er kjent med slike hendingar ved flyplassane deira, men vil ikkje seie det er eit stort problem.

Kom seg heim til slutt

Etter å ha prøvd lykka hjå tre-fire andre sjåførar, bestemte han seg for å bestille ein taxi. Den køyrde han dei få minutta ned til mora for 289 kroner.

Han er glad for at det ordna seg innan rimeleg tid, men er oppgitt etter opplevinga på Flesland.

– Det er uakseptabelt. Når ein taxisjåfør stiller seg opp på ein haldeplass, bør ein kunne køyre folk uavhengig av kor langt dei skal.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest eller tips og ideer til andre saker vi i NRK Vestland burde sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!

Publisert 13.11.2024, kl. 22.21

Read Entire Article