Odd Martinsen er død: – Ein markant profil både i Noreg og internasjonalt

3 hours ago 1



Den tidlegare langrennsløparen døde måndag, stadfestar familien til NRK. Han blei 82 år gamal.

– Odd har vore ein markant profil i både Noreg og internasjonalt. Først som løpar og ein del av den legendariske gullkvartetten i Holmenkollen i 1966. Han har sett sitt preg på langrenn, seier langrennsekspert Torgeir Bjørn.

– Vi minnast ein fantastisk skiprofil. Der er med stor sorg Ski-Noreg mottar bodskapen om «Stafett-Martin» sin bortgang. Dei ugløymelege opningsetappane hans blir hugsa den dag i dag av mange. Skisporten har mykje å takke Odd Martinsen for, seier skipresident Tove Moe Dyrhaug i ei pressemelding.

Norsk Idretts Æresgalleri, Odd Martinsen

HEIDER: Odd Martinsen på Norsk Idretts Æresgalleri i 2020.

Foto: Terje Pedersen / NTB

«Stafett-Martin»

Under VM på heimebane i Holmenkollen i 1966 var Martinsen startmann for første gong. Dit kom han etter NM-gull på 15 kilometer og bronse på same distanse i VM nokre få dagar tidlegare.

Aftenposten om VM-stafetten 1966

FØRSTE STAFETTGULL PÅ 29 ÅR: Slik skildra Aftenposten det

Foto: Aftenposten

Han låg bak Sverige og Sveits etter snaue 3 kilometer. Så snubla svensken, og «Martin» gjekk forbi begge to. Derfor blei det ikkje nødvendig med det planlagde rykket etter 4,5 kilometer. Han kunne veksle med Harald Grønningen 24 sekund føre Finland.

Deretter var kampen om gullet aldri spennande.

Martinsen gjekk på lag med Harald Grønningen, Ole Ellefsæter og Gjermund Eggen.

Noreg tok ein overlegen gullmedalje, 1.12 minutt føre Finland. Det var faktisk det første stafettgullet i eit internasjonalt meisterskap sidan VM i 1937, 29 år tidlegare.

GJENNOMBROTET: Slik såg det ut då Odd Martinsen starta for Noregs gullag i VM i 1966

Stafettspesialisten

Martinsen og Noreg skulle gjenta bragdene to år seinare, i OL i Grenoble i 1968.

Der fekk Martinsen igjen opningsetappen, og igjen leverte han så det song. Denne gongen fekk han bruk for rykket sitt etter 4,5 kilometer for å bli kvitt Sverige. Seinare var Noreg aldri trua, og vann med eitt minutt og 40 sekund.

I Vysoke Tatry i 1970 vann han «som vanleg» opningsetappen, etter noko så uvanleg som ein tjuvstart.

– Eg trur ikkje eg var den første, det var ein ute på kanten. Men eg var ikkje sein om å følgje etter, sa Martinsen.

Ved omstarten var han derfor seint ute, og hamna litt bak i køen ut frå stadion. Men han veksla ti sekund framfor Sovjet. Dei sekunda sikra han seg i ei eksplosiv avslutning inne på skistadion.

Likevel blei det berre fjerdeplass til slutt, etter at ankermann Erling Steineide stivna totalt mot slutten.

Dramatikken i Falun

Odd Martinsen

PÅ HEIMEBANE: Martinsen i aksjon under Oslo-VM

Foto: Ntb / NTB

I OL i Sapporo i 1972 var han sjuk, men på laget som tok bronse i Falun-VM i 1974 gjekk han andre etappe.

Stafetten i Falun i 1974 går inn i VM-historia som ein av dei mest dramatiske. Martinsen skulle eigentleg ikkje gått. Føret var tungt, og slitaren Pål Tyldum var teken ut.

Men Tyldum kjende seg ikkje i god nok form, og bad om å få sleppe. Dermed blei Odd Martinsen sett innpå i aller siste liten.

Martinsen gjekk ut som nummer fire, 35 sekund bak leiande Sovjet. Men «Stafett-Martin» leverte dagens aller raskaste etappe, var i teten etter 6,5 kilometer, og sende Ivar Formo i veg som førstemann.

Noreg leia også ved siste veksling, men ein småsjuk Oddvar Brå måtte sleppe både Sovjet og DDR forbi på siste etappe. Dermed blei det norsk bronse. DDR vann.

Det største dramaet i stafetten råka heimelaget Sverige.

Startmann Hans Erik Larsson mista skia etter 25 meter, og måtte tilbake til start for å byte. Så mista han bindingen på den andre etter to kilometer, og måtte byte den skia også.

Å byte begge skiene var ikkje lov, og Sverige blei diska. Lars Gunnar Åslund blei stansa og teken ut av løpet midt i andre etappe.

Ankermann i Innsbruck

I OL i Innsbruck i 1976 var Odd Martinsen ankermann. Etter at storfavoritt Sovjet kløna det til då Jevgenij Beljajev øydela bindingen tidleg på første etappe, blei det eit oppgjer mellom Noreg og Finland.

Men det heile var nærmast avgjort før Martinsen fekk klappa på siste veksling. Då låg han over minuttet bak Arto Koivisto.

– Eg gjekk hardt ut for å ta innpå, men innsåg fort at han var for god, sa Martinsen, som i staden konsentrerte seg om å trygge avstanden bakover. Derfor var han i mål nesten to minutt etter finnen.

Aldri individuelt gull

Odd Martinsen

SØLV: Martinsen vann aldri nokon individuell medalje i OL eller VM, men her er han på veg mot sølv på 30 km i Grenoble i 1968

Foto: Ntb / NTB

Han gjekk aldri heilt til topps individuelt i eit internasjonalt meisterskap, men hadde fleire pallplassar.

Nokre dagar før VM-stafetten i Oslo i 1966 hadde han teke bronse på 15-kilometeren. På ein heilnorsk sigerspall hadde han selskap av vinnaren Gjermund Eggen og sølvvinnar Ole Ellefsæter.

I Grenoble-OL var han også favoritt på 30-kilometeren, men måtte sjå seg slått av den italienske sensasjonsmannen Franco Nones.

I 1969 fekk han Holmenkollmedaljen etter å ha vunne 15-kilometeren. Det gjorde også dottera Bente Skari etter sine to VM-gull i 2001, og dei er den einaste far-dotter-kombinasjonen som har greidd det.

Odd Martinsen og Bente Skari

FAR OG DOTTER: Både Odd Martinsen og Bente Skari har fått Holmenkollmedaljen

Foto: Lise Åserud / NTB

I VM i 1970 tok han to individuelle medaljar, sølv på 15 kilometer og bronse på tremila.

«Stafett-Martin» i NM også

Totalt i løpet av sin 12 år lange karriere tok han 11 NM-gull – sju av dei i stafett for BUL. Og i den då uoffisielle verdscupen blei han nummer to i 1975.

Martinsen var også leiar for langrennsseksjonen i det internasjonale Skiforbundet, FIS i mange år, frå 1986 til 2002. Etter det blei han æresmedlem i FIS.

Odd Martinsen, FIS

SJEF: Odd Martinsen var i mange år langrennssjef i FIS, mellom anna under OL i Salt Lake City i 2002

Foto: Jon Eeg / NTB

Under ski-VM i 2001 kravde den finske sportssjefen at Martinsen måtte gå av. Han meinte Martinsen brukte si stilling i FIS til å lage verdscupreglar som favoriserte Bente Skari. Ho var på den tid verdas beste kvinnelege langrennsløpar i klassisk, og hadde teke VM-gull same dagen som kritikken kom.

– Om kritikken varer ved, går eg av for Bentes skuld, sa han i eit NRK-intervju. Men han fekk så sterk støtte, inkludert av Finlands skipresident, at han blei sitjande i jobben.

Odd Martinsen, saman med borna Bente og Harald, gjorde det seinare også godt som importør av ski til Noreg.

I 2013 blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Publisert 27.10.2025, kl. 14.19 Oppdatert 27.10.2025, kl. 14.59

Read Entire Article