Odda var ein gong ein kjend industristad. Seinare har fjellformasjonen Trolltunga trekt til seg turistar.
Og i sommar fekk vestlandsbyen ein ny attraksjon.
Då opna nemleg Lothepus, eller Leif Einar Lothe, campingplass med «stavkyrkje» på ei gammal industritomt i Odda.
No vil han setja opp «sjåverdigheitsskilt» for å losa dei besøkande trygt gjennom Odda sentrum.
Men det seier Vegvesenet nei til.
– Det er mykje att og fram om dette er ein sjåverdigheit eller ikkje. Det er så mykje mask med Vegvesenet at eg skjønnar ikkje alt dette her, seier Lothepus sjølv.
Vegvesenet peikar på fleire problematiske forhold ved skiltsøknaden.
Hardanger Folkeblad skreiv om denne saka først.
Ikkje stavkyrkje, ikkje sjåverdigheit
Turistar i hopetal kom til campingplassen like ved Odda sentrum i sommar. Der står eit langbygg, som Lothepus sjølv kallar ei stavkyrkje.
At debatten gjekk varm om han kunne kalla det ei stavkyrkje, gav han blaffen i.
– Eg kan kalla det kva pokker eg vil, sa han til NRK i sommar.
– Folk frå over alt i verda har kome berre for å besøka dette her. Det seier jo litt om at det er ein sjåverdigheit.
Foto: Olav Røli / NRKBåde kulturminister Lubna Jaffery (Ap) og Kristen-Noreg var samde om at dette ikkje er ei stavkyrkje.
Stavkyrkje eller ei, det er uansett svært mange som har besøkt bygningen. Og det har ført til trafikkutfordringar, ifølgje Øyvind Andersson.
Han er prosjektleiar i Bygg og Anlegg Kompetanse AS (Boak), som har sendt skiltsøknaden til Vegvesenet. Selskapet er deleigd av Leif Einar Lothe.
– I løpet av sommaren blei det veldig mange problem for turistar og folk som ikkje var kjende i området, seier Andersson.
Han fortel at folk brukar GPS eller Google Maps og blir leia over ei bru som er stengd. Der må dei snu. Resultatet blir at bilane står i stampe i to kryss i Odda sentrum.
For å bøta på dette søkte Boak om å setja opp tre skilt til Lothepus Camping: to langs rv. 13 i Odda sentrum og eit 200 meter unna.
Forslaget Boak sende til Vegvesenet viser vegen til campingplassen med ei pil. I tillegg har det kringlefiguren som viser at her er det ein attraksjon.
Slik var skiltutkastet Boak sende til Vegvesenet.
Illustrasjon: BOAK– Me ønskjer eit sjåverdigheitsskilt som viser at det er både overnatting, mat og ein sjåverdigheit. Men først og fremst ønskjer me skilting, seier Andersson.
Meiner det er eit kommersielt anlegg
Vegvesenet meiner anlegget ikkje er ein attraksjon. Dei reagerer også på skrifttypen som er brukt.
Ifølgje Vegvesenet sine nettsider kan kringlesymbolet brukast for sjåverdigheiter som er betydningsfulle eller interessante for meir enn nokon spesielt interesserte. Det kan til dømes vera eit fortidsminne, eit historisk bygg eller eit spesielt naturfenomen.
Symbolet skal ikkje brukast for reint kommersielle anlegg som fornøyelsesparkar.
I svaret på søknaden viser Vegvesenet til at det er Ullensvang kommune som må informera om kommersielle anlegg på sine informasjonsskilt.
«Vil Ullensvang kommune informere om servicetilbod i Odda sentrum, anbefaler vi at det blir sett opp informasjonstavler som informerer om tilboda på stader køyrande kan parkere og gå ut av bilane for å lese på tavla», skriv dei.
Skilttypen «serviceskilt» blir normalt ikkje sett opp i byar og tettstader. I tillegg ligg ikkje campingplassen og stavkyrkja umiddelbart attmed riksveg 13, slik det må om denne skilttypen skal brukast.
I søknaden sin ønskjer Andersson og Boak å setja opp tre skilt for å hjelpa turistane fram til rett stad.
Illustrasjon: BOAKNår det gjeld skrifttypen, seier Andersson at dei sjølvsagt vil endra denne i den ferdige produksjonsfila. Forslaget dei sende inn vart laga som eit utkast.
Men på eit punkt kan det bli verre å koma fram til ei løysing.
– Vegvesenet meiner at dette må reknast som eit kommersielt anlegg, eine og aleine. Derfor er det litt vanskeleg å bli einige, seier Andersson.
Han peikar på at det er kommersiell drift på staden: Det er både restaurant, campingplass og overnattingsstad.
– Men sjølve sjåverdigheita, som i hovudsak er stavkyrkjebygget og langhuset, er ope for offentlegheita.
– Berre eit skilt
No vil Andersson og Boak ha dialog med Vegvesenet for å finna ut kva type skilt dei kan setja opp.
Hovudmålet er framleis å løysa trafikkbiletet.
– Summa summarum så trudde eg dette var ei relativt grei sak. Det er trass alt berre eit skilt. Og det er ei sjåverdigheit, skulle ein tru dei fleste vurderte.
Statens vegvesen har måndag ikkje hatt høve til å stilla til intervju med NRK om denne saka.
Med slike skilt vil Boak og Leif Einar Lothe gjera det enklare for turistar å koma seg til campingplassen, restauranten og «stavkyrkja».
Illustrasjon: BOAKPublisert 27.10.2025, kl. 17.19
























English (US) ·