Nytt strekk på riksveg 9 har fått gul midtstripe

3 hours ago 3



Statssekretær i Samferdsledepartementet Cecilie Knibe Kroglund (Ap) stod for den høgtidelege opninga då riksveg 9 mellom Byklestøylane-Hoslemo opna i dag. Med det er ein endå eit steg nærare gul midtstripe like til Hovden sentrum.

– Her får ein trygg og god veg til rasjonell kostnad og med fin framdrift, sa Kroglund om parsellen som har kosta 150 millionar kroner.

Bykle-ordførar Hans Blattmann seier at dei seks kilometarane i Bykle betyr noko for heile dalen og landsdelen.

– No nærmar me oss faktisk sluttføring av det som var det store målet, gul midtstripe til Hovden. Dette er flott, og alle vinn på det, seier han.

Read Entire Article