Frå 1. august gjeld dei nye fråværsreglane for vidaregåande skule som Kunnskapsdepartementet vedtok i fjor haust:
Fram til nå måtte ein gå til legen og få attest for all sjukdom. Nå kan elevar bruke eigenmelding.
Men medaljen har ei bakside:
– Hovudproblemet er at sjukefråværet nå skal telje med i forhold til fråværsgrensa i ti-prosentregelen.
Det seier leiar Martine Løkken Svendsen i elevorganisasjonen.
– Som å skulke
Svendsen fryktar at sjukdom aukar faren for stryk på grunn av dei nye reglane:
– Etter regelendringa får ein like mykje fråvær for å vere sjuk som av å skulke. Så det registrerte fråværet kjem til å auke.
Ho seier risikoen for å stryke på grunn av sjukdom då går opp.
– Om ein har vore mykje sjuk, kan det skje fort at ein hamnar over ti prosent fråvær dersom ein etterpå for eksempel forsøv seg ein dag. Då får ein stryk i det faget.
– Det er kjipt viss ein elev har vore mykje sjuk eit år, og arbeidsplassen som tar inn lærlingar forvekslar det med at eleven har skulka mykje på skulen, seier leiaren i Elevorganisasjonen.
Foto: ElevorganisasjonenSamtidig aukar lista over fråværsgrunnar som ikkje «et av» dei ti prosentane: Førarprøven til klasse B skal ikkje lenger teljast med.
– Sjuke elevar pressar seg
Svendsen i Elevorganisasjonen fryktar at elevar i endå større grad enn før pressar seg til å gå på skulen sjølv om dei burde halde seg heime:
– Det kan føre til at fleire møter opp på skulen sjuke fordi ein ikkje vil ha fråvær.
Nestleiar Malene Henden Fridtun i Elevorganisasjonen Vestland er også uroa over endringane som trer i kraft.
– Denne endringa fungerer ikkje for elevane. Den gjer det vanskeleg spesielt for dei med psykisk uhelse, dei som bur langt frå fastlege, og yrkesfagelevar.
At elevane berre skal bruke eigenmelding høyrest ut som ein fordel, men er faktisk ei ulempe, meiner Fridtun.
– Særleg på yrkesfag kan den nye fråværsregelen øydelegge sjansane for å få læringsplass.
Nestleiar Malene Henden Fridtun i Elevorganisasjonen Vestland.
Foto: ElevorganisasjonenVanskelegare for lærlingar
Fridtun er uroa for at bedrifter ikkje vil ta inn lærlingar som har mykje eigenmeldt fråvær.
– Dette kjem til å ramme skikkeleg mange lærlingar. Det er dumt å straffe dei, for alle har rett på ei utdanning.
– Men sett frå arbeidsgivarperspektivet: er det ikkje greitt at dei får vite at eleven har mykje fråvær?
– Eg skjønar poenget med at ein skal ikkje ha mykje fråvær. Men dette handlar om sårbare elevar som slit.
Ho nemner plager som hovudverk, mensen, eller psykisk uhelse.
– Dette kan ein ikkje gjere noko med. Sjukdom er ei straff i seg sjølv. Og så får ein i tillegg ikkje læreplass!
Elevorganisasjonen trur nye fråværsreglar vil gjere at fleire elevar som er sjuke går på skulen for å unngå stryk.
Foto: Kleiven, Paul– Bra med reelt fråvær på vitnemålet
Ann-Kristin Kristoffersen er næringspolitisk rådgivar i Bergen næringsråd. Ho meiner det er ein klar fordel at vitnemålet viser det reelle fråværet til elevane som søker læreplass.
– Når arbeidsgivarane skal tilsette kandidatar eller ta inn nye lærlingar, får dei eit mykje meir realistisk bilete på det reelle fråværet til elevane eller lærlingane. Med ei grunngjeving og høve til å vise dei eventuelle utfordringane i fråværsprosenten kandidatane har.
Ann-Kristin Kristoffersen er næringspolitisk rådgivar i Bergen næringsråd.
Foto: NHO / (C)OLE KRISTIAN OLSEN– Kor stor vekt legg ei bedrift vanlegvis på fråværshistorikken når folk skal tilsettast?
– Veldig lite. Då handlar det om kva du kan, kva type utdanning og erfaring du har. Sjukdomsfråvær er aldri eit argument for å tilsette eller ikkje.
– Kvifor er det viktig å få eit rettare og meir realistisk bilete?
– Fordi då får ein elevar og lærlingar som har måtta ta ansvar for å dokumentere sine eigne fråvær. Dei har lært å handtere ansvaret og tilliten som dei nå blir gitt. Det er ein styrke.
Fridtun i Elevorganisasjonen seier derimot at mange bedrifter legg meir vekt på fråværet enn karakterane når dei vurderer lærlingar.
– Fleire elevar i Vestland har kome til Elevorganisasjonen og fortalt at dei ikkje har fått læreplassar. Grunngjevinga er mykje fråvær, sjølv om karakterane er veldig gode.
Elevorganisasjonen fryktar at dei nye fråværsreglane kan bli eit problem for lærlingar. (Illustrasjonsbilete)
Foto: Petter StrømFråvær kan strykast frå vitnemålet
Sjølv om regelendringa nå gjer at elevar likevel kan miste karakteren i eit fag på grunn av sjukdom, kan Utdanningsdirektoratet roe kritikarane på eitt punkt:
Med dei nye reglane kan opptil ti dagar med eigenmeldt sjukefråvær faktisk strykast frå vitnemålet, bortsett frå dei tre første sjukedagane.
Før kunne berre fråvær med legeattest strykast frå vitnemålet.
Men Elevorganisasjonen er ikkje nøgd.
– Vi ønsker at politikarane tar ein ny gjennomgang og lyttar til kva elevane faktisk opplever. Eigenmeldt fråvær bør ikkje stå på vitnemålet. Det handlar om tillit. Ordninga bør bygge på tillit, ikkje kontroll, seier Fridtun.
Publisert 01.08.2025, kl. 14.07 Oppdatert 01.08.2025, kl. 14.53