Ny tirade frå Trump – ukrainare ønskjer Meloni som meklar

1 month ago 39



Tre dagar etter det famøse møtet i Det Kvite hus, held Trump fram med nye tiradar mot Ukrainas leder.

– Zelenskyj vil ikkje ha fred

– Han vil ikkje ha fred så lenge han har USAs støtte, skriv Trump om Zelenskyj.

– Og Europa, i møtet dei hadde utan USA, sa dei rett ut at dei ikkje kan gjere jobben utan USA, skriv Trump på Truth Social.

Trump viser i innlegget sitt til ein artikkel frå det amerikanske nyheitsbyrået Associated Press der Zelenskyj har sagt at ein slutt på krigen i Ukraina er langt unna.

– Dette er den verste utsegna Zelenskyj kunne komme med, og USA kjem ikkje til å finne seg i det lenger, skriv Trump.

Forsonande signal frå Zelenskyj

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj seier det er viktig å få slutt på krigen og få tryggleiksgarantiar.

Ukraine President Volodymyr Zelensky i Det kvite hus

Zelenskyj ønskjer samarbeid med USA. Bildet tatt i Det kvite hus sist fredag.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

I ein X-melding seier Zelenskyj at Ukraina held fram samtalene med landets partnarar, og at det er viktig at diplomatiet har substans så krigen kan ta slutt så fort som mogleg.

– Vi trenger ekte fred, og ukrainarane ønskjer det mest fordi krigen øydelegg våre byer og landsbyar. Vi mister vårt folk. Vi må stanse krigen og få tryggleiksgarantiar, skriv han på X.

Zelenskyj gjør det vidare klart at Ukraina samarbeider med USA og at han håper sterkt på vidare amerikansk støtte på vegen til fred.

«Trump viste ein forbløffande oppvisning i brutalitet»

Europeiske leiarar omfavnar Zelenskyj etter at han blei audmjuka i Det kvite hus fredag. Men dei fleste er forsiktige i å kritisere Trump direkte.

Unntaket er Frankrikes statsminister Francois Bayrou som måndag gjekk hardt ut mot Trump.

French Prime Minister Francois Bayrou

Frankrikes statsminister Francois Bayrou går hardt ut mot Trump.

Foto: Reuters

Bayrou meiner Trumps tirade mot Zelenskyj i Det kvite hus fredag var «ein forbløffande oppvisning i brutalitet», skriv Associated Press.

– Formålet var å audmjuke Ukrainas leder samt øve press i retning viljen til Vladimir Putin, sa statsministeren vidare.

Den direkte kritikken av Trump vart sagt i ein debatt om Ukraina i det franske parlamentet måndag.

Sida det famøse møtet i Det kvite hus, er det mange som spør kven som kan makte å få Trump og Zelenskyj til å snakke med kvarandre.

Ukrainarar foreslår Italias statsminister som meklar mellom Trump og Zelenskyj.

– Kva med Giorgia Meloni?

Fleire ukrainske politikarar ser for seg Giorgia Meloni som brubyggar mellom Trump og Zelenskyj.

Sjølv er ho ikkje framand for tanken.

Giorgia Meloni

Giorgia Meloni kjem godt overeins med Trump og lanserast som meklarkandidat.

Foto: AP

Meloni meiner at hennar nære forbindelse til Trump kan hjelpe til forsoning mellom de to presidentane etter det oppheita møtet fredag, skriv The Kyiv Independent måndag.

Den ukrainske avisa viser til det Meloni sa da ho kom til toppmøtet om Ukraina i London søndag.

– Eg trur det er veldig avgjerande at vi unngår at Vesten splittast. Eg trur Italia og britane kan spele ein viktig brubyggjarrolle, sa Meloni.

I helga skreiv BBC om sentrale politikarar i Kyiv som foreslår Meloni som meklar.

Det gjeld politikarar frå opposisjonspartiar og politikarar frå partiet til president Zelenskyj.

Inna Sovsun sit i parlamentet for opposisjonen. Ho seier at det hastar med å få kontakten mellom Trump og Zelenskyj på skjener.

– Vi trenger ein meklar som er akseptert av Trump og av Ukraina, seier Sovsun.

– Kva med Giorgia Meloni? spør politikaren.

Sjølv om ho høyrer til opposisjonen så meiner ho at ukrainarane aldri må akseptere at Zelenskyj blir presset av amerikanarane til å gå av.

Trump og Meloni 4.januar, 2025

Kan Meloni redde forholdet mellom Trump og Zelenskyj? Bilde er frå da Meloni besøkte Trump i Mar-A-Lago 4. januar.

Foto: AFP

Nato sin generalsekretær Mark Rutte sa i helgen at det hastar for Zelenskyj å opprette kontakt med Trump etter møtet mellom de to sist fredag.

Kyiv Independent skriv måndag at Italias Meloni skil seg ut som ein klar kandidat til å mekle mellom Trump og Zelenskyj.

BBC skriv at Zelenskyj i løpet av helga har signalisert at han ønskjer at Ukraina og USA igjen skal bli «ærlege og direkte med kvarandre». Men Zelenskyj ønskjer at USA skal vere «meir fast på deira side».

Søndag var ei rekke stats- og regjeringsleiarar frå Europa og Canada samla seg til toppmøte i London om europeisk sikkerheit og vegen vidare for Ukraina. I tillegg deltok toppar frå EU og Nato på møtet.

Dei blei einige om å trappe opp innsatsen, og at ein «koalisjon av villige» skal bidra til å sikre Ukraina, blant anna med soldatar, fly og utstyr til ein fredsstyrke.

Russland kritiserer London-møtet

Kreml er sterkt kritiske til at europeiske stats- og regjeringsleiarar vil auke bistanden til Ukraina, og seier dette ikkje vil bidra til ei fredeleg løysing på krigen.

Mann i dress bøyer seg ned for å høre hva en annen mann i dress sier. Den sittende mannen har en penn i den ene hånden.

Kremls pressetalsmann Dmitrij Peskov (til venstre) er kritisk til toppmøtet som var i London i helga. Bildet er frå desember i fjor.

Foto: AFP

Kremls pressetalsmann Dmitrij Peskov seier dette vil forlenge krigen og ikkje bidra til ei fredeleg løysing.

Han sa også at konflikten som skjedde i Det kvite hus då USAs president Donald Trump tok i mot Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj fredag viser at det er vanskeleg å få i stand ein avtale med Ukraina.

Ukraina vil ha sikkerheitsgarantiar

Planen var at Ukraina og USA skulle underskrive ein avtale om mineral under møtet i Det kvite hus fredag, men det enda med at Trump skjelte ut Zelenskyj.

– Det var ei hending utan sidestykke. Det er viktig at nokon tvinger Zelenskyj til å endre standpunkt og søke fred, sa Peskov.

Zelenskyj har ved fleire anledningar sagt at det ikkje er nok med ei midlertidig våpenkvile. Han deltok også på toppmøtet i London i helga. Då han reiste sa han at Ukraina var avhengige av sikkerheitsgarantiar for å unngå ny krig.

– Det vil vere ein fiasko for alle dersom Ukraina blir tvunge til våpenkvile utan seriøse sikkerheitsgarantiar, sa han til pressa før avreise.

Gro Holm kommenterer krisemøtet i London.

Fleire forslag på bordet

Frankrike og Storbritannia går saman om å koordinere arbeidet med ein fredsplan for Ukraina, som dei så skal diskutere med USA og Donald Trump.

Ein talsperson for den britiske statsministeren Keir Starmer seier til Reuters at det ligg fleire forslag på bordet for korleis ein kan få slutt på krigen i Ukraina, men vedkommande ville ikkje gå inn på enkeltforslag.

Den britiske regjeringa seier også at utanriksminister David Lammy skal reise til USA for å ha samtalar med den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio.

Mann i dress går opp en trapp. Han har en mappe med papirer under armen. I trappen står en soldat og holder vakt.

Frankrikes utanriksminister Jean-Noel Barrot er uroa for situasjonen i Europa.

Foto: Abdul Saboor / Reuters / NTB

Frankrikes utanriksminister Jean-Noel Barrot seier til den franske radiokanalen Inter måndag morgon at faren for ein storkrig i Europa aukar, og at fronten i Ukraina rykker stadig nærare.

– Aldri har risikoen for krig i Europa, i EU, vore så høg, fronten kjem nære og nærare oss, sa han.

I eit anna intervju med radiokanalen RTL, sa Barrot måndag at dersom avtalen om våpenkvile i ein månad kjem i stand, vil vise om Putin handlar i god tru, og er villig til å starte seriøse forhandlingar om ein langvarig fredsavtale, skriv The Guardian.

EU blir orientert tysdag

President for Europakommisjonen Ursula von der Leyen seier medlemslanda i EU blir orientert om planane frå møtet i London på tysdag.

– Vi treng ei massiv opprusting av forsvaret, utan tvil, sa ho under eit pressetreff måndag.

Ho seier opprustinga er naudsynt for å få til ein varig fred.

–Vi ønskjer varig fred, men varig fred er berre byggast på styrke, og styrke startar med at vi styrker oss sjølve.

Ukraina-møte i USA

Måndag samlar Trump dei næraste medarbeidarane sine til eit møte for å diskutere den framtidige Ukraina-politikken til USA, skriv New York Times.

Utanriksminister Marco Rubio og forsvarsminister Pete Hegseth skal vere blant dei som skal delta på møtet.

Donald Trump lytter til noe som blir sagt sammen med Marco Rubio og Pete Hegseth.

USAs utanriksminister Marco Rubio, president Donald Trump og forsvarsminister Pete Hegseth under eit regjeringsmøte i Det kvite hus 26. februar.

Foto: Pool AP / NTB

Eit av alternativa skal vere at USA stoppar alle våpenleveransar og annan bistand dei gir til Ukraina.

Analytikarar meiner det vil vere eit frykteleg scenario for Ukraina og Europa.

Opprusting tek tid

Møtet i London handlar om at Europa viser handlekraft og større ansvar for eige forsvar, seier Nupi-forskar Karsten Friis. Men han åtvarar mot at ei opprusting i Europa ikkje skjer over natta.

– Dette tar tid. Det er problemet her. Du bygger ikkje opp eit forsvar på eitt år, du treng fire-fem år for å bygge ordentleg opp.

Oberstløytnant og hovudlærar ved Krigsskulen, Palle Ydstebø, seier at det Ukraina treng no er materiell og ammunisjon.

Akkurat no får Ukraina det dei treng for å halde krigen gåande, men dette bør bli dobla på sikt, seier han.

– Europeisk økonomi og industri er meir enn ti gongar større enn den russiske, så det bør ikkje vere det store problemet for Europa. Men det må handling til, og ikkje berre støtteerklæringar.

Kor mykje vil det koste Europa å prøve å få slutt på denne krigen?

– Mindre enn kva det vil koste dersom Russland vinn. Dette er ei investering i varig sikkerheit i Europa, seier han.

Publisert 03.03.2025, kl. 10.43 Oppdatert 03.03.2025, kl. 20.03

Read Entire Article