Ein ny studie ved NMBU viser at hus med låg energimerking berre «lekker» halvparten av det myndigheitene legg til grunn.
Studien bør ifølge forfattarane invitere til ei nasjonal sjølvransaking.
Kvifor?
Fordi gevinsten ved å ruste opp gamle hus blir mindre om dei er betre enn det staten legg til grunn.
På same måte som dei nest beste elevane har lågare forbetringspotensial enn dei som kjem heim med sekken full av d-ar.
– Vi kan ikkje kutte i forbruk som ikkje finn stad i røynda, skriv NMBU-medarbeidarane.
– I staden for å styre oss mot ein grønare veg, risikerer vi å bli systematisk villeidd.
Den påståtte villeiaren er Energimerkeordninga, som skal stimulere norske huseigarar til å velje smartare energiløysingar.
Bygg står for nær halvparten av straumforbruket i Noreg, og har fått ein av hovudrollene når energi skal frigjerast til betre formål i det grøne skiftet.
Forfattarane tar ikkje stilling til om sparemålet er innanfor rekkevidd, men rettar følgande appell til norske huseigarar:
Dei bør gjere eigne og konkrete kost/nytte-analysar før dei blir med på ein klimadugnad som kan koste meir enn han smaker.
Sjå svar frå Energidepartementet lengre ned.
Illustrasjonen viser gjennomsnittleg målt forbruk (raud) registrert av forbrukar sjølv, og berekna forbruk (blå) som ligg til grunn for energimerket (A-G). At folk bruker meir energi i d-hus enn i f-hus skuldast at folk i dei siste gjerne er meir «gjerrige» og har rom som dei ganske enkelt lèt vere å varme opp på vinterstid.
– Mindre forskjell enn vi har trudd
NMBU-studien samsvarer med foreløpige funn i eit prosjekt i regi av Fortidsminneforeningen, som ser på klimagassutslepp knytt til små og mellomstore tiltak i hus bygd før 1956.
I begge tilfelle seier analysane at klimagevinsten ved å rive og oppgradere eldre bygningar i beste fall er tvilsam.
Og i verste fall negativ.
Professor i bygningsfysikk ved NMBU, Thomas Thiis, seier at «klimapolitikk som blir forma på sviktande kunnskapsgrunnlag kan undergrave heile det grøne skiftet»:
– Viss folk ser at tiltak som blir fremja som «klimavennlege» ikkje held vatn i praksis, risikerer vi at både oppslutning og engasjement for det grøne skiftet blir svekt.
Energieffektivisering av bygningsmassen kan redusere energibruk og utslepp, og frigjere elektrisitet til det grøne skiftet.
Oddgeir Sæle/NRK– Det villeier politikarane
NRK har snakka med fleire som etterlyser betre styringsverktøy i overgangen til det nye lågutsleppssamfunnet.
– Det er potensial for energieffektivisering av bygg i Noreg, men det må byggje på reelle fakta og ikkje det som kan sjå ut som ei vilkårleg merkeordning, seier Gunnar Larsen i fagforbundet Econa.
– Det er ikkje bra for bustadmarknaden, og enda verre: Det villeier politikarane som skal innføre tiltak for auka energieffektivisering.
Sjå fleire reaksjonar under.
NRK
Mie Fuglseth, dagleg leiar i Grønn byggallianse
Funna i studien er interessante, og peikar på at energimerke ikkje gir ein god peikepinn på faktisk energibruk i norske bustader. Vi ser at faktisk målt energiforbruk i nyare energieffektive yrkesbygg ofte er høgare enn berekna, som følge av feil i installasjon og drift.
Birgitte Wold Ingebretsen
Carsten Henrik Pihl, leiar for politikk, samfunn og berekraft i Huseierne
Vi ønsker at bustadeigarene som vil ta del i den grøne dugnaden, skal kunne gjere det på ein enkel og rimeleg måte. For å få til det, er vi avhengig av at kvar enkelt bustadeigar får gode råd. Det krev eit betre datagrunnlag enn det vi har i dag.
NRK
Gunnar Larsen, direktør samfunn og politikk i Econa
Denne undersøkinga viser tydeleg at det kan vere grunn til å sette spørsmålsteikn ved etablerte sanningar, eller i dette tilfellet energimerking av bygg. Det er urovekkande at det ser ut til at vi har ei energimerkeordning av bygg som ikkje tar utgangspunkt i faktisk energibruk.
Ukjent
Tor Brekke, Enova
Når vi snakkar om klimagassutslepp og energieffektivisering, er det viktig å sjå på heile livssyklusen til bygningar. Oppgraderingar og rivning må vurderast nøye for å sikre at dei faktisk gir klimagevinstar. Det er velkjent at bygningar som ikkje er så energieffektive, ofte bruker mindre energi enn berekna, mens dei som er veldig energieffektive, ofte brukar meir enn berekna.
NRK
Solvor Mathiesen Gjerde, sivilingeniør i Byggeteknikk og Arkitektur ved NMBU
Det vil krevje omfattande tiltak dersom alle eksisterande bustader skal løftast opp til ein moderne energieffektiv standard. Dette har skapt stor bekymring blant bustadeigarar med tanke på kostnadene til nødvendige oppgraderingstiltak. Bekymringa er lett å forstå, men meir urovekkande er det, at Energimerkeordninga ikkje ser ut til å fange opp faktisk energibruk.
NRK
Karen Elkjær, seniorrådgivar hos Riksantikvaren
Vi kan faktisk risikere auka utslepp totalt sett på grunn av materiale og ressursar som må til for å gjennomføre dei omfattande oppgraderingstiltaka. Slike omfattande tiltak, som etterisolering og utskifting av vindauge, har også store konsekvensar for verneverdige hus. Derfor anbefaler vi framleis enkle tiltak som tetting rundt vindauge og dører, etterisolering i etasjeskilje og mot loft.
Eivind Molde / NRK
Lillian Bredal Eriksen, seniorrådgivar for klima i Forum for utvikling og miljø
Det hastar med å redusere klimagassutsleppa i alle sektorar, og spesielt i ein sektor som byggenæringa som står for rundt 15 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Det bør vere oppgåva til myndigheitene å sikre at berekningane samsvarer med dei mest klimavennlege og energieffektive tiltaka, og at det blir ført insentiv og tiltak i tråd med dette.
Tormod Strand
Frank Ivar Andersen, Bygghåndverk Noreg
Vi meiner som fleire andre at det tar svært lang tid før oppgraderingstiltak og rivning gjer opp for gevinsten ved å skifte ut eksisterande bygg med eit nytt lågenergibygg. Med utgangspunkt i ressursbruk, og ikkje minst kostnadene ved dette er det vår oppfordring å ha fokus på energieffektivisering av eksisterande bygg når ein likevel planlegg oppgradering.
NRK
Hege-Lill Hagen Asp, samfunnskontakt i Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)
På grunn av høge energikostnader skjer det at ein i gamle bustader stenger av delar av bustaden og lèt det stå kaldt, noko som vil redusere energibruken stort. Dei verkelege bustadene har derfor ein annan bruk enn det som er føresett i berekningane. Dette kan også handle om komfort og inneklima, at brukarane ikkje tar seg råd til same komfort fordi det er dyrt å varme opp.
NRK
Vegard Heide, Asplan Viak
Energimerkeordninga er upresis, og det er eit generelt fenomen når det gjeld energi i bygg, og spesielt bustad. Løysinga er å justere energimerke-ordninga slik at det blir noko betre samanfall mellom berekna og reell energibruk. Det vil alltid vere eit visst avvik, men vi bør unngå store systematiske avvik.
NBBL
Bård Folke Fredriksen, direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
Energimerket kan villeie, men det er likevel viktig for norske bustadeigarar, burettslag og sameigar at ein får eit reelt energimerke og faktabasert informasjon om energibruk i bustader og heile bygningar. Det er viktig for at bustadkjøparar ikkje skal kjøpe «katta i sekken» og for å sjå potensialet for energieffektivisering.
NRK
Mari Sand Austigard, Mycoteam
Det er viktig å ta med i reknestykket at ein del ENØK-tiltak kan gi større risiko for fukt- og soppskadar. Vi får stadig inn oppdrag der det har oppstått store ròteskadar som følge av etterisolering, skadar som kunne vore unngått dersom ein gjorde gode undersøkingar og berekningar på førehand og avgrensa seg til å ta den «lågthengande frukta».
– Risikerer å over-effektivisere bustader som ikkje treng det
Den nye NMBU-studien er ikkje den første til å påvise store avvik mellom teori og praksis i norske hus. Den såkalla prebound- og rebound-effekten blei første gong omtalt i 2013.
Kort sagt handlar det om at huseigarar har ein tendens til å skru opp termostaten etter at dei har investert i energisparande tiltak.
Dermed blir gevinsten «ete opp» av meir komfortable vanar.
Ein annan grunn er at eldre bygg gjerne har kledningar og papplag som Energimerkeordningen ganske enkelt ikkje registrerer eller «plukkar opp» i modellen sin.
Til sist legg ordninga eit normert «Oslo-klima» til grunn, sjølv om det er mildare i store delar av landet.
– Rapporten peikar på at datagrunnlaget vi treng for å gjennomføre energieffektivisering må bli betre, seier Carsten Henrik Pihl i Huseierne.
Han legg til:
– Om ikkje risikerer vi å over-effektivisere bustader som ikkje treng det. Det blir dyrt for kvar enkelt bustadeigar, og det blir unødig dyrt for samfunnet.
Norges klimamål23,1 mill. tonn årlig
Publisert 27.04.2025, kl. 20.35