For å oppretthalda velferda i Noreg, må færre bli sjuke.

Publisert 20.03.2025 12:05 Sist oppdatert 22 minutter siden
Me må jobba lenger, og bli betre til å førebygga arbeidsrelatert sjukdom.
Det må til for at velferdssystemet i Noreg skal halda fram, viser tre nye rapportar frå Arbeidstilsynet, som presenteres torsdag.
Sjølv om arbeidsmiljøstanden jamt over er bra i Noreg, står utfordringane i kø.
– Må bli flinkare
Direktør i Arbeidstilsynet, Ingvill Kvernmo, seier at folk må stå i jobb lenger. Samtidig må sjukefråværet ned.
– For å kunne oppretthalda velferdssamfunnet me har i dag, må me auka deltakinga i arbeidslivet. Eldre arbeidstakarar må då jobba lenger, seier Kvernmo.
Ho meiner alder har mindre å seie enn før, og at alder først og fremst påverkar kapasitet og våre fysiske sansar.
– For å gjere dette, må me bli flinkare til å førebygga sjukdom som har samanheng med jobb, og legge til rette for å halda folk i jobb.

I tillegg til at folk er friskare og lever lenger enn før, peiker Kvernmo òg på teknologi som ein viktig faktor for at folk kan jobba lenger.
99 prosent skuldast sjukdom
Ein annan ting som kjem fram i rapportane, er at nesten alle arbeidsrelaterte dødsfall er på grunn av sjukdom. Berre ein prosent er på grunn av ulukker.
Arbeidsulukker råkar ofte yngre arbeidstakarar, og sjukdom råkar oftare personar som har vore i arbeidslivet lenge. Kvernmo meiner difor at ein må i større grad jobba med å førebygga all slags arbeidsrelatert sjukdom.

– Både sjukdommar som på sikt fører til arbeidsrelaterte dødsfall, men òg sjukefråvær på grunn av til dømes muskel, og skjelettplager.
Hovudårsaka til arbeidsrelaterte dødsfall er kreft, som står for 46 prosent av dødsfalla i Norden.
Etter kreft kjem hjarte- og karsjukdommar, luftvegssjukdommar og psykiske sjukdommar.
Kunnskapsrapportar frå Arbeidstilsynet
- Arbeidstilsynet har gitt ut tre rapportar; Risikobildet, signal og utsikt. Alle tre sett fokus på ulike utfordringar i arbeidslivet.
- Arbeidsmiljøstanden er generelt god, men for å oppretthalda velferdssamfunnet må ein ha betre førebygging av arbeidsrelatert sjukdom, og folk må jobba lengre.
-99 prosent av alle arbeidsrelaterte dødsfall i Norden skuldast sjukdom. Berre 1 prosent skuldast ulukker.
- Muskel- og skjelettplager råkar 1,2 millionar nordmenn, og står for 35 prosent av langtidssjukefråvêret.
- Befolkinga blir eldre, som kan føra til endå fleire utfordringar for ein allereie pressa helse- og omsorgssektor.
Mindre pengar, fleire eldre
Ser ein mot framtida, er det ikkje spesielt lystig lesing det heller. Spesielt ikkje viss ein likar ting som det er i dag.
Som ein konsekvens av at befolkninga her til lands lever lenger, blir det eit større og større behov for helse- og omsorgsarbeidarar.
I tillegg er det sannsynleg at dei offentlege inntektene ikkje kjem til å auka framover. Dette er mellom anna på grunn av usikkerheit i oljesektoren, og generell uro i verda både på handel- og krigsfronten.
Sidan inntektene ikkje aukar, men utgiftene kjem til å gå opp, kan det bli trongare økonomisk i tida framover.
Viss yrkesdeltakinga held seg uendra, kjem talet på yrkesaktive i forhold til totalbefolkninga sokke frå 54 prosent i 2024 til 48 prosent i 2060.
– Då blir det endå viktigare å jobba førebyggande med HMS, og å trivast på jobb. Ein må forsøka å ta tak i problema før dei dukkar opp.