– Den skal han stoppe 100 av 100 gonger. Det der er nitrist, sa Viasport-ekspert Lars Tjærnås etter at Jacob Karlstrøm gjorde ei enorm keepertabbe i andre ekstraomgang.
Førre torsdag kopierte Molde fjorårets 3–2 heime mot polske Legia Warszawa. Da vann dei 3–0 borte, men i år blei det meir spennande.
Dessverre for nordmennene blei tabba avgjerande.
– Eg klarar ikkje heilt å gi slipp på den heimekampen der me gav bort to mål på tampen, sa ein svært skuffa Fredrik Gulbrandsen til TV3+ etter kampen.
– Aldri i livet
Legia la seg overraskande lågt frå start, og venta på at MFK skulle gi frå seg rom og gjere feil. Det var ein betre taktikk enn tidlegare.
Etter 34 minutt, på deira tredje store sjanse, scora Legia. Venstreback Stenevik, som var delaktig i begge baklengsmåla i den første kampen, blei igjen for passiv og heimelaget nærmast spaserte inn 1–0.
Halldor Stenevik kom frå Godset som høgreving, men har no spelt venstreback i Molde.
Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTB– Molde har fullt av folk i feltet. Aldri i livet om han skal få komme forbi der, sa Viasport-ekspert Bernt Hulsker om målet.
Rett før pause heldt Stenevik på å gjere det godt igjen med eit strålande innlegg, men raketten frå Gulbrandsen blei akkurat slått over av den polske keeperen.
Gulbrandsen fekk også eit mål annullert for offside etter halvtimen spelt.
Lund-blokkering
Andreomgang starta med at Gulbrandsen kom seg til ein ny god sjanse. Molde var gode i starten av omgangen, og skapte fleire brukbare sjansar. Men etter eit drygt kvarter starta Molde-midtbanen med fleire skumle balltap, utan at det førte til store sjansar mot.
Fredrik Gulbrandsen mot Legia-keeper Kacper Tobiasz.
Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTBUtover i omgangen såg begge laga ganske slitne ut.
Etter 81 minutt var Kristian Eriksen plutseleg aleine gjennom, men Legia-keeperen rakk akkurat å slenge ut eit avverjande bein.
På Enggårds etterfølgjande corner kontra heimelaget lynkjapt, og berre ei fantastisk blokkering frå Valdemar Lund hindra 2–0.To minutt før full tid gav Breiviks balltap ein enorm dobbeltsjanse for Legia, men Karlstrøm redda meisterleg og returen blei fyrt langt opp på tribunen. Dermed blei det ekstraomgangar.
– Dette har vore ein jamn kamp, der Molde kanskje har vore nærmast, sa Viasport-ekspert Petter Veland før den siste halvtimen.
– Eg synast Molde har gjort ein god bortekamp, la Hulsker til.
Utvist
Til ekstraomgangane kom det nigerianske stortalentet Daniel Daga inn for Molde.
Etter 108 minutt mista 18-åringen ballen på midten. Ein feilvendt Marc Gual snudde, og drog seg fri inne i boksen. Han sende ballen midt på Karlstrøm, men keeperen glapp ballen og såg desperat at den sakte glei over målstreken.
– Det er sånt som skjer, han har vore veldig god etter at han kom tilbake, så det skal han ikkje tenke på, sa Gulbrandsen etter kampen.
Etter 117 minutt fekk Kristian Eriksen sitt andre gule kort, noko som førte til store tumultar ute på banen. Blant anna blei Moldes røslege hjelpetrenar Trond Strande både klype i øyret og puffa i bakken.
Kristian Eriksen blei utvist etter ein ufin slengar tre minutt før slutt.
Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTBEtter rabalderet fekk også ein utbytta Legia-spelar raudt kort.
– Det er utruleg bittert, dei blir kanskje litt defensive på slutten der, sa Bernt Hulsker etter kampen.
– Dessverre er fotballen så brutal at den store tabben øydelegg alt for Molde. Dei leia 3–0 i den første kampen, og ryk ut. Da handlar det kanskje også litt om team-management, sa ekspertkommentator Petter Veland, med adresse mot Per-Mathias Høgmo.
– Eg synast me var oss sjølv, men sakna litt meir trykk i boks. Dette er surt, sa Høgmo etter kampen.
Han følte Molde kontrollerte kampen.
– Karlstrøm er i ei flott utvikling, men han veks på det her, sa Høgmo.
Det var god trykk på stadion Wojska Polskiego, som tar 31.800 tilskodarar. Da laga møttest her i fjor var tribunane fylt av ungar, grunna UEFA-sanksjonar etter supportervald.
Foto: Kacper Pempel / Reuters / NTBGulbrandsen og Paco
Legia er den mestvinnande klubben i Polen, med 15 ligatitlar. I 2014 og 2015 vann dei seriegull og cupgull med Henning Berg som hovudtrenar og Pål Arne Johansen, Paco, som hjelpetrenar. I dag er Paco hjelpetrenar for Molde.
Molde slo altså Legia Warszawa i 16.-delsfinalen i Conference League i februar 2024. Da vann Molde 3–2 heime og 3–0 borte, etter blant anna fire mål av Fredrik Gulbrandsen. Romerikingen scora også eitt i 3-2-sigeren på Aker Stadion for ei veke sidan.
I 2013 debuterte faktisk Fredrik Gulbrandsen for Molde mot Legia Warszawa. Den gongen blei han utvist.
Publisert 13.03.2025, kl. 23.38 Oppdatert 13.03.2025, kl. 23.58