NRK set opptaka for ny TV-serie på pause

11 hours ago 2



Programmet skulle følge det nystarta Ensomhetspartiet, som er leia av Furuseth.

NRK har tidlegare understreka at programmet ikkje skal vere valkamp for partiet og skal publiserast etter valkampen.

– Difor tok vi ei ny vurdering no, og set opptaka på pause for å ikkje bidra til politisk støy. Vi vil gå i ny dialog med Else etter valet, seier eksternsjef i NRK, Jostein Olseng.

– Skaper støy

På spørsmål om serien kjem til å bli sendt seinare, svarar NRK:

– Vi må gjere ei ny vurdering etter valet.

Han peikar på at NRK hadde veldig tydelege retningslinjer for kva produksjonen kunne bidra med og ikkje under opptaka.

Serien skulle uansett ikkje sendast før etter valet.

– Men reaksjonane som har kome, skaper ein støy som verken serien eller det politiske landskapet har godt av, meiner Olseng.

– Har forståing

Avgjerda om å setje serien på pause er gjort i samråd med Furuseth.

– Ho har stor forståing for dette og er einig i valet, når ein ser korleis det har blitt oppfatta. Det kjem òg i vegen for hennar politiske arbeid. Så ho støttar, slik eg oppfattar det, avgjerda vi har tatt, seier eksternsjefen.

Blant dei som har kome med reaksjonar på TV-serien er samfunnsdebattanten Eivind Trædal.

– Det er ei veldig merkeleg rolleforståing av NRK å promotere eit politisk partiprosjekt, meiner Trædal i VG.

– Uvurderleg innsats

Ein annan som gjekk hardt ut mot serien er redaktør for Medier24, Erik Waatland.

Han peikar på at dette ikkje handlar om å fråta Else Kåss Furuseth truverde eller engasjement.

– Ho har gjort ein uvurderleg innsats for å setje psykisk helse og einsemd på dagsorden. Men NRK har ikkje mandat til å bli ein deltakar i valkampen, meiner Waatland.

Publisert 16.05.2025, kl. 15.01 Oppdatert 16.05.2025, kl. 15.29

Read Entire Article