– Eg har mine tankar rundt problematikken. Eg meiner at det vil komme til eit punkt der vi må ta eit drastisk val.
Det seier Johann André Forfang til NRK.
Han blir framlagt argumenta som NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen presenterte i denne kommentaren fredag:
Evensen meiner at hoppsporten vil vere død om ti år med mindre det blir gjort store grep.
Forfang seier at den tidlegare skihopparen har nokre gode poeng, men han er usamd i at hoppsporten vil døy ut.
– Det må vi ta innover oss. Men det eg seier heile tida, er at skihopping alltid vil vere feitt. Så korleis ein vel å distribuere det, det må ein verkeleg røske opp i tida som kjem, seier Forfang.
SVARER: Johann André Forfang er ikkje heilt einige med NRK-eksperten.
Foto: Marita Andersen / NRKFår støtte av landslagshoppar
Evensen argumenterar mellom anna for at sporten er for komplisert. Han ønsker å fjerne vindkompensasjon, og at det lengste hoppet vinn.
Landslagshoppar Kristoffer Eriksen Sundal er samd i at hopp er for vanskeleg å forstå.
– Det høyrdest veldig rett ut, eigentleg. For det er frykteleg komplisert. Og det er jo eit prosjekt å forklare kva ein driv med til folk ein møter som ikkje har peiling, seier Sundal til NRK.
Den 24 år gamle hopparen ønsker at det skal bli teke grep. Han trekk fram regelverket, og at det er vanskeleg å finne fram på TV-skjermen.
– Det ser ikkje lyst ut dersom det fortset å skli i den retninga det gjer. Eg er «all in» for å gjere det så enkelt som mogleg.
– Pila peikar ikkje oppover
I fjor haust skreiv NRK ein artikkel om at norsk hoppsport har mista éin av tre sjåarar i løpet av 23/24-sesongen.
Det er eitt av argumenta som Evensen også presenterte. At det er for få sjåarar, og vanskeleg å få fram forbilde som skal inspirere unge i dag.
– Pila peikar jo ikkje nødvendigvis oppover på alle parameter her. Då er vi nøydde til å sjå på moglegheitene. Så lenge skihopping er feitt, så skal det gå an å handtere produktet på eit vis. Det må ein sjå litt nærare på, seier Forfang.
Den olympiske meisteren frå stor bakke i OL i 2022, Marius Lindvik, er samd i Evensen sine poeng.
– Ein må jo jobbe på og sjå framover og vidareutvikle produktet. Eg veit det er mange flinke folk som jobbar med det allereie. Så eg trur ikkje vi døyr ut med det første, men sjølvsagt er det er ein jobb som må gjerast, seier Lindvik til NRK.
AUGEBLINK: Marius Lindvik tok OL-gull i stor bakke under Beijing-OL i 2022.
Foto: NTB– Håpar hoppsporten består
Sundal er også einig med Evensen om at hoppsporten har blitt for utilgjengeleg for folk flest.
Han trur at det å tenke nytt, som da Ryoyu Kobayashi hoppa i ei monsterbakke på Island i fjor, kan hjelpe sporten.
– Det stuntet slo veldig godt an på sosiale medium og internett. Men eg kjenner ikkje at hoppsporten er like tilgjengeleg no, enkelt og greitt. Men eg har ikkje kome så langt at eg nøyaktig veit kva som må bli gjort, seier Sundal.
Landslagstrenar Magnus Brevig meiner at argumentet om at hoppsporten er for komplisert er dumt.
Han meiner at den grøne streken, som viser kor langt du må hoppe for å ta leiinga, gjer at det er lett å følge med.
– Vi må jo alle som er i dette, jobbe for at dei hypotesane der ikkje skal slå inn og at alt fader ut. Eg håpar at hoppsporten vil bestå heile mitt liv i alle fall, for eg er veldig glad i det, seier Brevig til NRK.
– Hoppsporten er ikkje død
Sportssjef Jan-Erik Aalbu diskuterte tematikken i pausa hjå NRK då landslaget tok laggull i normalbakken for kvinner laurdag.
– Er det éin ting eg er hundre prosent sikker på, så er det at hoppsporten ikkje er død om ti år. Eg håpar 90-meterbakken er død om ti år. At vi får større bakkar, det meiner eg.
FORSVARAR: Sportssjef Jan-Erik Aalbu diskuterte med Johan Remen Evensen under NRKs VM-sending laurdag.
Foto: NTBHan seier at han forstår kva Evensen meiner, men han er sikker på at hoppsporten vil bestå.
– Rekruttering må vi ta alvorleg. Vi er avhengige av eldsjelene som preparerer for at vi skal få rekruttering. Men eg trur hoppsporten står veldig sterkt. Eg er heilt overtydd om at han kjem til å bestå i mange år. Og internasjonalt står han sterkare enn på fleire år, seier Aalbu.
Søndag er det klart for den første medaljeøvinga til herrehopparane i VM på heimebane.
I kvalifiseringa laurdag kveld i normalbakken i Granåsen, gjekk alle fire nordmennene vidare. Best av alle var Forfang, som strekte seg 106,5 meter ned i bakken.
Publisert 01.03.2025, kl. 22.20 Oppdatert 01.03.2025, kl. 22.30