Noregs riksregalia: – Alltids nokon som har lyst til å stele dei

5 hours ago 3



– Dei er heilt unike, uerstattelege og har veldig, veldig høg historisk verdi for kongeriket, seier Oddmund Hoel.

Han er leiar for Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje og har med det også ansvaret for oppbevaringa av dei norske riksregalia.

Gjenstandane som tidlegare blei brukt under kroningsseremoniar er blant dei mest verdifulle gjenstandane i norske museum, fortel Hoel.

– Eg er veldig glad for at vi har eit så høgt sikkerheitsnivå på våre utstillingar.

De norske riksregaliene

Publikum kan sjå riksregalia i kjellaren av Erkebispegården i Trondheim.

Foto: Dahl/Hordnes / NTB scanpix

Føler oss heilt trygge

Søndag morgon braut fire maskerte tjuvar seg inn i det verdskjende Louvre-museet i Paris.

Dei kom unna med åtte historiske smykke som den franske innanriksministeren kallar «uvurderlege».

Hoel fortel at han ikkje er redd for at det same skal skje med dei kongelege verdisakene som ligg i Erkebispegården i Trondheim.

– Vi har sikkerheita oppe til kontinuerleg vurdering. Den er veldig høg og vi føler oss heilt trygge på at dei ligg trygt.

Oddmund Hole foran Erkebispegården i Trondheim

Oddmund Hoel fortel at sikkerheita rundt dei norske kronjuvelane er høg.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Hoel fortel at dei jamleg vurderer sikkerheitssituasjonen saman med politiet.

– Utover det har eg ikkje tenkt å gå i detalj på korleis vi sikrar dei.

– Det eg kan seie er at sikkerheitsnivået her er veldig høgt.

  • Kongens krone, riksregalia

    Kongens krone

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • Kongens septer. Riksregalia

    Kongens septer

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • Rikseplet, riksregalia

    Kongens rikseple

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • et gull- og sølvtrof Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • Arvefyrstekronen

    Arvefyrstekronen

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • Dronningens krone, riksregalier

    Dronningens krone

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
  • Dronningens septer

    Dronningens septer

    Foto: Lasse Berre / Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

– Ikkje dei mest kostbare

– Det er jo alltids nokon som har lyst til å stele dei. Sånn er det med verdifulle ting som smykke, edelsteinar og gull, seier gemmolog Hallvar Sagøy.

– Men dei er nok ikkje like utsett som andre kronjuvelar rundt om i verda.

Han fortel at dei norske regalia ikkje har dei mest verdifulle edelsteinane samanlikna med det ein finn ved andre hoff eller med dei som blei stolen frå Louvre.

– Ein kan seie at dei er litt meir nøktern i materialvalet.

– Dei har ikkje dei mest kostbare steinane på seg, men det er jo kulturarv.

et stort opplyst skilt

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sagøy fortel at såpass spesielt tjuvegods ikkje kan bli selt i den opne marknaden. For å tene pengar på eit slikt tjuveri har ein to moglegheiter, fortel han.

– Det eine er at ein kan ha ein kjøper på det. At det nesten er eit bestillingstjuveri, seier Sagøy.

– Eller så kan ein ta ut dei enkelte steinane og selje dei laust.

I tilfelle med tjuveriet frå Louvre er nokre av steinane såpass spesielle at det kanskje vil vere naudsynt å slipe dei om før sal, fortel gemmologen.

en gruppe bygninger med trær på baksiden

Regalia låg tidlegare inne i Nidarosdomen. I 2006 blei dei flytta til Erkebispegården like ved.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Symbolet på kongeriket Noreg

Historikar og forfattar, Trond Norén Isaksen, fortel at dei norske regalia er svært viktig symbolsk.

– Dei er rett og slett symbolet på kongeriket Noreg.

Isaksen peiker på at dei fleste av juvelane som blei stolen i Paris er såkalla kronjuvelar, men ikkje kronregalia. Det betyr at dei ikkje blei brukt under kroningsseremoniar.

– Dei er altså ikkje regalia som blei brukt ved kroningar og dermed symbolet på keisar-verdigheita, men smykke som blei båre av medlem av keisarfamilien.

Dei norske riksregalia blei derimot brukt under kroningsseremoniar fram til dette blei avskaffa.

– Det hadde vore veldig kritisk om dei blei stolen, ettersom dei er uerstattelege.

Kong Haakons og Dronning Mauds kroning

Kong Haakon og Dronning Maud var dei siste som blei krona i 1906. Seinare har dei kongelege heller blitt signa i Nidarosdomen.

Foto: NTB arkiv / NTB

Munch-museet: – Sikkerheita er høg

Det blir sjølvsagt lagt merke til, fortel sikkerheitssjef ved Munchmuseet, Joakim Eike Barane, om tjuveriet frå Louvre.

Først og fremst er det veldig trist at nasjonalskattar blir borte.

Han fortel at museet samarbeider godt med politiet, myndigheiter og nasjonale og internasjonale nettverk for museumssikkerheit.

Både publikum og samarbeidspartnarar kan vere sikker på at sikkerheita er høg.

Munchmuseet sikkerhetetsansvarlig

Sikkerheitssjef ved Munchmuseet, Joakim Eike Barane, fortel at sikkerheita ved museet er høg.

Foto: NRK

Han trur andre museum følger med og gjer vurderingar når noko som tjuveriet i Louvre skjer.

Eg trur alle gjer som oss og gjer trusselvurderingar og vurderer om ein må sette inn ekstratiltak.

Har de sett inn ekstra sikkerheitstiltak?

– Det kan eg ikkje kommentere spesifikt.

Publisert 20.10.2025, kl. 17.17 Oppdatert 20.10.2025, kl. 17.40

Read Entire Article