Noregs Bank overraskar «alle» – første rentekutt på fem år

1 week ago 10



På førehand trudde så godt som alle økonomar at styringsrenta nok ein gong skulle bli ståande i ro på 4,5 prosent.

Men så overraskar sentralbanksjef Ida Wolden Bache med rentekutt før sommaren.

– Prisveksten har spakna sidan rentemøtet i mars, og det er utsikter til at prisveksten det næraste året vil bli lågare enn vi tidlegare såg føre oss. Ved å byrje ei forsiktig normalisering av styringsrenta no, legg vi til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at vi bremsar økonomien meir enn naudsynt, seier Bache.

Økonomikommentator Cecilie Langum Becker kommenterer rentekuttet.

Første rentekutt på fem år

Renta har ikkje blitt sett ned sidan 2020, men har derimot blitt sett opp ei rekke gongar.

Heilt sidan desember 2023 har renta blitt ståande på 4,5 prosent, men denne junidagen skjer altså den første renteendringa på fleire år.

Og no signaliserer sentralbanken at renta også kan setjast vidare ned ein eller to gonger til i løpet av året.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Allereie med ein nedgang på 0,25 prosentpoeng, vil det vere kroner å spare om du har lån.

Har ein lån på 1 million kroner sparer ein 2500 kroner per år i rentekostnader, eller 208,33 kroner per månad.

Har du 4 millionar i lån vil du altså spare 10.000 kroner i året.

Dagen renteavgjerd betyr at meir enn 270 000 bustadeigarar kan oppleve å få sitt første rentekutt sidan dei tok opp bustadlån. Det viser førstegangskjøparstatistikken til Norges Eiendomsmeglerforbund.

Overraska

Fleire økonomar trudde det første rentekuttet ville kome til hausten. Difor kjem dagens avgjerd overraskande på fleire når NRK ringer:

– Reint teknisk sett så skulle informasjonane vi har fått sidan mars tilseie at renta burde bli kutta i dag. Vi var likevel veldig skeptiske til om dei ville gjere det, seier Sara Midtgaard i Nordea.

– I utlandet har dei jo fått meir kontroll på prisveksten enn dei har her heime. Så vi synst dette var overraskande, seier ho.

en kvinne i hvit frakk

Sara Midtgaard i Nordea.

Foto: William Jobling / NRK

Det synst også sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken.

– Det ser ut som Noregs Bank har vektlagt at prisveksten har vore lågare enn venta, seier Hov.

– Privatøkonomisk er dette svært gode nyheiter. Noregs Bank ser føre seg å sette renta vidare ned i år, seier han.

Ifølgje sjefstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets, tyder den ferske rentebana til Noregs Bank at det kan ligge an til eit nytt kutt i september og eitt i desember.

– Sjølv om lånetakarar no kan sprette sjampanjen med god grunn, tvilar vi på at Noregs Bank kjem til å gjennomføre alle dei planlagde rentekutta. Vi trur på eit kutt til i september, men er usikre på om renta skal ned i desember, seier Cekov.

Dane Cekov, valutastrateg i Sparebank 1 Markets

Dane Cekov i Sparebank 1 Markets.

Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK

Sentralbanksjefen er tydeleg på at sjølv om renta truleg skal litt vidare ned, så vil ikkje renta gå ned igjen til nivået den var på i tiåret før pandemien.

Krona svekker seg

Ikkje overraskande svekker krona seg mot fleire valutaer etter renteavgjerda. Renta fungerer som ei avkastning på å investere i kroner, og når den går ned, så sit ein igjen med litt mindre etter ei slik investering.

Ein dollar kosta 10,02 kroner før avgjerda, og 10,09 rett etter. Medan ein euro gjekk frå 11,47 kroner til 11,61.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er boliglånsrenta i sntt på 5,6 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 16 846 kr

Endrede utgifter -1 757 kr

Det vil si en total utgift på 16 846 kroner i måneden. Altså en endring på -1 757 kroner i renteutgifter.

Publisert 19.06.2025, kl. 10.02 Oppdatert 19.06.2025, kl. 10.49

Read Entire Article