Noregs Bank held styringsrenta uendra

2 hours ago 1



– Jobben med å få bukt med inflasjonen er ikkje fullført. Det er framleis behov for ein innstrammande pengepolitikk, seier Wolden Bache.

– I juni begynte vi å lette litt på bremsen, og det vil truleg vere riktig å fortsette ei forsiktig normalisering av styringsrenta framover.

Men under pressekonferansen er sentralbanksjefen tydeleg på ein ting:

– Våre signal om renteutsiktene er ikkje løfter.

Nytt kutt i september?

Fleirtalet av økonomane venta at renta skulle bli ståande på 4,25 prosent torsdag.

– Men allereie i september trur vi det kjem eit rentekutt til, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum.

Kyrre Knudsen, sjeføkonom i Sparebank 1 Sør-Noreg, og seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets, trur også på eit nytt rentekutt i september.

Økonomikommentator Cecilie Langum Becker kommenterer renteavgjerda.

Likevel gjer formuleringane til Noregs Bank si pressemelding sistnemnde litt meir i tvil på om det vil kome i september.

Vi ventar framleis eitt rentekutt i år – i september – men det er ingen garanti for at Noregs Bank vil kutte renta på det neste møtet, seier Cekov.

Difor er han svært spent på korleis prisveksten utviklar seg no i august.

Noregs Bank bruker renta som verktøy i håp om å styre prisveksten. Målet er at den skal ligge på kring 2 prosent over tid.

I juli var kjerneinflasjonen – som er den Noregs Bank er oppteken av – på 3,1 prosent.

I Noregs Bank si renteprognose i juni, så låg det inne eitt eller to rentekutt til i år.

– Vi har ingen nye prognosar no. Men den informasjonen vi så langt har fått, tyder på at utsiktene for norsk økonomi ikkje er vesentleg annleis enn vi då såg føre oss, seier Wolden Bache.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Overraska «alle»

I juni overraska Noregs Bank «alle», då dei kutta styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent.

Det var det første rentekuttet på fem år.

Så godt som alle økonomar trudde renta skulle bli ståande på 4,5 prosent i juni.

Sentralbanksjefen kommenterer overraskinga under pressekonferansen.

– Vi ønskjer ikkje å overraske, men det vil alltid vere mandatet og vurderinga vår av dei økonomiske utsiktene som avgjer kva avgjerd vi tek, seier Wolden Bache.

Styringsrenta var på 0 prosent under koronapandemien. Så vart den sett opp jamt og trutt.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er den effektive boliglånsrenta i snitt på 5,6 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 16 846 kr

Endrede utgifter -1 757 kr

Det vil si en total utgift på 16 846 kroner i måneden. Altså en endring på -1 757 kroner i renteutgifter.

Publisert 14.08.2025, kl. 10.00 Oppdatert 14.08.2025, kl. 10.59

Read Entire Article