Noreg tok imot flest ukrainarar i Norden. Slik snudde regjeringa situasjonen på hovudet

1 month ago 45



Førre veke møtte justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) dei nordiske kollegaene sine i vestlandsbygda Rosendal i Kvinnherad.

Flyktningstraumen frå Ukraina var eitt av fleire tema på møtet.

– Det kom alt for mange ukrainarar til landet. Vi gjorde innstrammingar, og det ser ut til å ha verka. Det kan òg koma fleire innstrammingar, seier justisministeren til NRK.

Positive «rykte» om Noreg

Utover hausten 2023 fekk mange ukrainarar på flukt med seg at Noreg kunne vera eit godt land å dra til.

Både bloggar og nettaviser skreiv at velferdsordningane i Noreg var veldig gode. Ein Fafo-rapport viste at introduksjonsstønaden var nesten ni gonger høgare i Noreg enn i Sverige.

UDI merka eit hopp i flyktningstatistikken frå august og utover.

Tala viste at det kom veldig mange ukrainarar til Noreg, samanlikna med dei andre landa i Norden.

– Vi ser ei dobling av talet flyktningar frå Ukraina, sa direktør i UDI, Frode Forfang, til NRK i oktober.

I løpet av desember 2023 stramma regjeringa inn reglane for ukrainske flyktningar:

  • Nye krav til innkvartering, kutt i barnetrygd og kutt i tilgang til heimreiser
  • Ukrainarar som reiser til heimlandet på ferie kan mista opphaldsløyvet i Noreg
  • Ukrainarar som også har statsborgarskap i eit anna trygt land, får ikkje mellombels kollektiv beskyttelse i Noreg
  • Personar med mellombels kollektiv beskyttelse kan måtta venta i opptil fem år før dei kan får varig opphald, mot tre år som var grensa tidlegare

Flyktningar frå Ukraina

Då krigen braut ut, måtte mange ukrainarar flykta frå heimlandet.

Foto: WOJTEK RADWANSKI / AFP

Kraftig vekst i fjor haust

Tilstrøyminga var så stor at mange kommunar meldte om store vanskar med å busetja så mange ukrainarar.

I heile fjor tok Noreg i mot 46 prosent av alle dei ukrainske flyktningane som kom til Norden, ifølge tal frå Eurostat.

Frå februar til juni månad i år var talet nede på 31 prosent, ifølgje same statistikk.

Tala på søkarar endra seg brått allereie frå januar. Då søkte 1658 ukrainarar om kollektiv beskyttelse i Noreg, mens like under 1350 søkte i både februar og mars, ifølgje tal frå UDI.

Så lågt har det ikkje vore i nokon andre månader etter at Russland gjekk til angrep på Ukraina.

Justisminister Emilie Enger Mehl meiner at mange i Noreg har gjort ein god innsats for å ta i mot og integrera ukrainske flyktningar.

– Vi er veldig takknemlege for alle som har gjort ein god innsats. Men vi må passa på at presset ikkje blir for høgt, seier Emilie Enger Mehl.

Ho seier Noreg har lagt stor vekt på integrering av ukrainske flyktningar med det same dei kjem til landet. Blant anna går dei gjennom eit ganske langvarig introduksjonsprogram.

Emilie Enger Mehl

STRAMMA INN: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier regjeringa såg eit tydeleg behov for å stramma inn, for å bremsa straumen av flyktningar frå Ukraina.

Foto: William Jobling / NRK

Høgre vil stramme meir til

Leiar for justiskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), meiner regjeringa ikkje har gjort nok i møte med ukrainarane.

– Det er bra at tiltaka verka litt, men dei gjorde ikkje nok. Framleis gir vi for gode ytingar i forhold til våre naboland, seier Njåstad.

Høgre meiner regjeringa må vurdere å stramme meir inn dersom tilkomstane forblir høge.

– Mange kommunar slit med å busette og alt for mange står utanfor jobb. Vi må gjere ein betre jobb med å integrere dei som kjem, seier Mari Holm Lønseth, Høgres innvandringspolitiske talsperson.

Ho foreslår følgande tiltak:

  • Forbetre norskopplæringa og gjere det enklare å få opplæring digitalt på kveldstid ved sidan av jobb.
  • Arbeidsrette introduksjonsprogrammet meir.
  • Fleire flyktningar må ta jobben dei får tilbod om, sjølv om det ikkje passar heilt til utdanninga deira.
  • Regjeringa må opne opp for innlege og mellombelse tilsettingar.
  • Innføre aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar.

– Veldig krevjande

Justisministeren er glad for at Noreg kan diskutera flyktningstraumen frå Ukraina med dei andre nordiske landa.

– Vi kjem til å få vanskelege spørsmål både om kva vi skal gjera overfor ukrainarane om krigen ein dag tar slutt, eller om den drar veldig ut i tid. Så er det ingen tvil om at situasjonen i Midtøsten og all uroa som er elles i verda, gjer at migrasjon og asyl generelt er veldig krevjande, seier ho.

Den svenske migrasjonsministeren Maria Malmer Stenegard seier at deira ytingar tidlegare var litt lågare.

Men det blei endra på etter kvart, og dermed auka straumen av Ukraina-flyktningar til Sverige.

– Vi har endra reglane og har hatt ein viss auke i talet på ukrainarar som kjem til Sverige, seier migrasjonsminister Maria Malmer Stenegard.

Ho understrekar at det i starten av krigen var aller viktigast at alle dei nordiske landa kunne ta i mot svært mange ukrainarar på kort tid.

Publisert 20.08.2024, kl. 06.34 Oppdatert 20.08.2024, kl. 06.46

Read Entire Article