Noreg stenger «am­bassaden» på Vest­breidda

1 month ago 29



Frå midnatt til fredag blei Noregs representasjonskontor i Al Ram på Vestbreidda stengt på ubestemt tid.

– Det er ein direkte konsekvens av at Netanyahu gav beskjed om at norske diplomatar ikkje får ha diplomatisk status i Palestina lenger, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

Sjå Espen Barth Eide i Nyhetsmorgen.

På palestinsk land, med israelsk velsigning

I over 30 år har kontoret i praksis fungert som Noregs ambassade i dei palestinske områda.

Vestbreidda er okkupert av Israel, og diplomatane der har operert med Israel si velsigning.

Den velsigninga trekte Israel tilbake 8. august, som ein reaksjon på at Noreg i mai anerkjente Palestina som stat.

– Det er jo ikkje slik at dei har bede oss dra frå Israel. Dei har nekta oss å operere på palestinsk land, seier Eide.

Jobba for tostatsløysing

Noreg har via representasjonskontoret i Al Ram jobba for ei tostatsløysing og å bygge palestinske institusjonar.

At norske diplomatar i praksis blir utviste frå Palestina, har store konsekvensar for dette arbeidet, seier utanriksminister Espen Barth Eide i dag.

Biletet viser den israelske busettinga Pisgat Zeev og den palestinske byen Hizma nord i israelskokkuperte Jerusalem, og det palestinske området Al-Ram på den okkuperte Vestbreidda.

Biletet viser den israelske busettinga Pisgat Zeev og den palestinske byen Hizma nord i israelskokkuperte Aust-Jerusalem, og det palestinske området Al-Ram på den okkuperte Vestbreidda.

Foto: AHMAD GHARABLI / AFP

Han ser på avgjerda til Netanyahu-regjeringa som «ekstrem og urimeleg».

– Avgjerda søker å ramme palestinarar og den palestinske sjølvstyremyndigheita, og alle som forsvarer folkeretten og tostatsløysinga, seier han.

Men Noreg skal vidareføre støtta til dei palestinske styresmaktene og det palestinske folket med full styrke, lovar Eide.

Vegen vidare

Då Israel trekte diplomatstatusen til dei tilsette på Al Ram-kontoret, var det fordi dei opplever Noreg sin politikk mot Israel som «einsidig».

Anerkjenninga av ein palestinsk stat i kjølvatnet av terroråtaket 7. oktober, oppfatta Israel som ein legitimering av Hamas.

Israel Katz i dress og raudt slips.

Israels utanriksminister Katz 8. august, dagen han annonserte at norsk diplomati i Palestina får ein slutt.

Foto: AFP

Det skreiv den israelske utanriksministeren Israel Katz på X.

– Difor blir dei fjerna frå posisjonar som rører det palestinske spørsmålet, sa Israels utanriksminister Israel Katz til Jerusalem Post.

– Dei som angrip oss, vil måtte betale ein pris, la han til.

Men Eide understreka både då og i dag at Noreg er ein ven av Israel og det israelske folket.

– Vi har fordømt Hamas sitt terroråtak mot Israel 7. oktober i fjor på det sterkaste. Vi har vore tydelege på at gislane må sleppast laus umiddelbart og at det hastar meir enn nokon gong med ei våpenkvile, seier han.

Torsdag snakka Eide med Palestinas statsminister, Mohammad Mustafa, om korleis dei skal halde fram samarbeidet.

– Våpenkvila hastar mest. Så fort det er på plass, kjem vi til å halde fram med arbeidet om palestinsk sjølvstyre og ei tostatsløysing.

Publisert 16.08.2024, kl. 07.00 Oppdatert 16.08.2024, kl. 07.11

Read Entire Article