Noreg nekta plass på klimamøte på grunn av oljepolitikken

1 week ago 13



Dei færraste har høyrt om «Høgambisjonskoalisjonen» (HAC). Men dette er eit viktig forum i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Det er ei uformell gruppe land som samarbeider for å forsterke innsatsen, og få eit best mogeleg resultat i klimaforhandlingane. Gruppa blir leia av Marshalløyane. Ulike land kan slutte seg til erklæringane som dei legg fram, og så er det eit titals land som blir inviterte til førebuande ministermøte.

Noreg har vore med sidan HAC blei etablert i 2015, og på fleire klimatoppmøte fortalt stolt om koalisjonen som drivkraft i forhandlingane. Men no er det slutt.

Dette er Gina Krog-feltet i Nordsjøen.

Plattform på Gina Krog-feltet i Nordsjøen.

Foto: Øyvind Torjusen/Statoil

– Fordi Noreg fører ein aktiv oljepolitikk

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) stadfester at Noreg ikkje lenger deltar på desse møta, men seier at det framleis er mogeleg for Noreg å stille seg bak erklæringane.

– Når fekk departementet beskjed om dette, og kva var oppgitt som årsak?

– På eit møte med Marshalløyane i mars fekk vi beskjed om at vi ikkje lenger blir inviterte. Årsaka som blei oppgitt, var at Noreg framleis er ein betydeleg olje- og gassprodusent og at vi ikkje har slutta oss til erklæringar frå koalisjonen sidan 2021, seier Eriksen.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (t.v.) og forhandlingsleder Henrik Hallgrim Eriksen i Dubai

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (til venstre) og forhandlingsleiar Henrik Hallgrim Eriksen etter at klimaavtalen på klimatoppmøtet i Dubai var i boks.

Foto: Martin Lerberg Fossum / Klima- og miljødepartementet

– Eit tydeleg oppgjer

Noreg var med på å starte HAC i oppkøyringa til Parisavtalen i 2015, saman med EU og Marshalløyane.

– Den gongen var det brei mobilisering av ministrar. Koalisjonen har bidratt til ambisiøse mål frå klimatoppmøta. Den har vore, og held fram å vere ei viktig stemme. Det treng klimaet og klimaforhandlingane. At Noreg ikkje lenger blir invitert til møta, endrar ikkje dette, seier Eriksen.

Matilde Angeltveit, ungdomsrepresentant, LNU - Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, på COP27

Matilde Angeltveit, rådgjevar i Kirkens Nødhjelp. Biletet er tatt under klimatoppmøtet i 2022, der ho deltok som ungdomsrepresentant for LNU.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Naturvernforbundet og Kirkens Nødhjelp er blant organisasjonane som har følgt klimatoppmøta tett gjennom mange år.

– Dette er først og fremst flautt og veldig pinleg for Noreg. I fjor haust fekk vi ikkje snakke på klimamøtet FNs generalsekretær hadde i New York, og no vil ikkje landa med høge klimaambisjonar ha oss med på møta sine lenger, seier Matilde Angeltveit, politisk rådgjevar for klimarettferd i Kirkens Nødhjelp.

Leiaren i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen meiner at avgjerda om å ekskludere Noreg, viser at norske oljeinteresser står i vegen for ein ambisiøs klimapolitikk.

Truls Gulowsen, norsk miljøaktivist

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Det er bra at HAC er så tøffe, at dei no tar eit tydeleg oppgjer med Noreg. Ein kan ikkje stå på scenen med dei mest sårbare landa og samtidig dele ut oljelisensar. Dette er eit sterkt signal om at dobbeltmoralen ikkje kan halde fram, seier Gulowsen.

Framleis viktig rolle

Andreas Bjelland Eriksen er usamd.

– Dette er ikkje pinleg for Noreg. Vi er ikkje stilte på sidelinja. Eg reiser på internasjonale møte med hovudet høgt heva. Noreg har heldigvis mange andre flater der vi deltar aktivt for å påverke. Dette går jo ikkje ut over den rolla Noreg spelar som ein aktiv part på klimatoppmøta. Det kjem vi framleis til å gjere, for vi er ambisiøse internasjonalt og ønskjer ein ambisiøs klimapolitikk internasjonalt.

– Viser ikkje dette at norsk oljepolitikk er til hinder for ein meir ambisiøs klimapolitikk?

– Nei, eg oppfattar ikkje det. Vi har ein petroleumspolitikk som er ramma inn av det tette og nære klimasamarbeidet med EU og landa rundt oss, der vi leverer til det europeiske energisystemet som er i stor omstilling, som stemmer godt overeins med det vi prøver å gjere også i klimapolitikken. Som handlar om å kutte utslepp og skape nye jobbar.

Northern Lights anlegg i Øygarden utenfor Bergen.

Northern Lights sin mottaksterminal i Øygarden utanfor Bergen. Herifrå skal CO₂ sendast i røyr som går ut i Nordsjøen og deretter ned i bergformasjonar under havbotnen.

Foto: Northern Lights

Usamde om karbonfangst

Dei seinare åra har Noreg valt å ikkje slutte seg til erklæringane frå HAC. Det same gjeld mange andre land, som Canada og Storbritannia.

– Vi er usamde om korleis utfasing av fossile brensel skal omtalast. Noreg, som mange andre land, vil inkludere karbonfangst og -lagring. Det vil også i framtida vere industri som slepper ut CO₂, og karbonfangst og -lagring vil då vere ei viktig løysning. Dette er også stadfesta av FNs klimapanel, seier Eriksen.

Negativ utvikling

Han meiner at Høgambisjonskoalisjonen, med Marshalløyane i spissen, har utvikla seg i ei negativ retning.

– Det er synd å sjå at koalisjonen og leiarane av koalisjonen vel å snevre inn denne gruppa. Eg meiner dette er ein feil retning å gå i. Det fragmenterer dei stemmene som samla ønskjer ein mest mogeleg ambisiøs klimapolitikk, i tråd med Parisavtalen og 1,5-gradersmålet. Eg trur vi treng å samle ein så brei koalisjon som mogeleg for å klare å gjennomføre den klimapolitikken som verda treng.

Publisert 26.04.2024, kl. 20.28

Read Entire Article