– Ein må berre elske fonten på desse Noreg-draktene, skriv Matthew McConaughey på X.
Den litt overraskande meldinga kom midt under VM-opninga der Noreg knuste Irak 4–1.
Den legendariske Hollywood-stjerna er ein av mange som har bite seg merke i den runeliknande skrifttypen på framsida og baksida av Noreg-draktene.
Men reaksjonane er delte.
TO STJERNER: Matthew McConaughey er skodespelar og lidenskapeleg opptatt av fotball. No har han fått auga opp for fonten på Noreg-draktene.
Foto: Mark Blinch / Reuters / NTB / Vegard Grøtt / NFF– Ikkje eit vanleg problem
For svaksynte skapar den vikinginspirerte baksida trøbbel. Det er rett og slett vanskelegare enn normalt å få med seg kva som står gjennom TV-skjermen.
– Det er mange av oss i Blindeforbundet som ikkje ser nummeret, i tillegg til namnet på drakta. Når ein lagar ein slik vri på skrifta, er det nok vanskeleg for fleire og, seier forbundsleiar Terje Andre Olsen, som sjølv er svaksynt.
FORBUNDSLEIAR: Terje Andre Olsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Er det eit vanleg problem at det er vanskeleg å forstå teksten på fotballdrakter?
– Det er ikkje det. Kontrasten er som regel god, men visst sjølve fonten er vanskeleg å forstå, er det jo ikkje noko pluss for nokon, svarer Olsen, som er rask med å understreke at det er andre område som har større verknad på svaksynte og blinde sine liv.
BRUKTE TID: Jens Petter Hauge synest dei nye draktene er kule, men brukte tid på å få sansen for skrifttypen.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBMåtte venne seg til drakt-fonten
Jens Petter Hauge toppa ei rekke med gode prestasjonar for Bodø/Glimt med å bli tatt ut til VM-troppen til Noreg.
Han innrømmer at han brukte noko tid på å bli glad i både tal- og skrifttypen på landslagsdraktene.
– Vi har blitt veldig vande til den nå, men det tok litt tid før han fall i smak hos meg òg, seier Hauge til NRK og fortset:
– Men eg må seie at eg no synest draktene er sjukt kule. Det var stort å sjå så mange norske drakter på opningskampen.
Dette seier runeeksperten
Fotballandslaget har fått stor internasjonal merksemd i VM for fokuset på vikingtida. Det mykje omtalte vikingbildet av Noreg-stjernene gjekk verda over. Det same har ro-ropet til dei norske supporterane.
Men kor mykje liknar eigentleg skrifttypen på draktene på runer?
VIKINGINSPIRERT: Noregs Fotballforbund fortel at fonten er ein del av historieforteljinga om at landslaget er moderne vikingar.
Foto: Vegard Grøtt / NFFJonas Nordby, har doktorgrad i runologi og er tilsett i MIA – Musea i Akershus.
Han understrekar at fonten som blir brukt på draktene ikkje er runer, og at uttrykket er langt unna det visuelle uttrykket slik runene i vikingtida var.
– Sjølv synest eg fonten er morosam, og den skil seg ut på ein fin måte. Eg synest ikkje alle bokstavane er like heldige i utforminga, og eg liker nok talteikna best, noko som jo er litt ironisk sidan runer ikkje hadde talteikn, seier Nordby.
Han fortel at det i populære framstillingar av vikingtida ofte blir brukt eldre type runer.
– Sjølv om dette er tidsstridig, blir truleg eldre runer oppfatta som litt flottare og meir dramatiske i forma. Det er desse «populære viking-runene» som truleg har inspirert formgivarane til VM-drakta, seier han.
HAALAND: Jonas Nordby har her skrive ’Haaland’ med det han omtalar som «rette, norske vikingtidsruner».
Foto: Jonas Nordby– Vi meiner det er lesbart nok
Jan Ove Nystuen i Noregs Fotballforbund, sponsorsjef i Noregs Fotballforbund, fortel at fonten på draktene er laga for å passe inn i historieforteljinga om at laget er moderne vikingar.
– Vi skal vere veldig vanskeleg å trenge igjennom i forsvar, samtidig skremmande og vanskelege å møte når vi går i angrep, seier Nystuen.
Han har fått med seg at nokon har merkt seg at det er vanskeleg å lese det som står på draktene.
– Det må vi respektere. Men vi meiner at det er lesbart nok. Det aller viktigaste kriteriet vi har for lesbarheit er dommarane. Dei skal lett sjå kven som er spelaren. Draktene er godkjente av både Uefa og Fifa, påpeikar han.
Går Norge videre fra gruppa?
Ja, kun tynn teori kan hindre oss nå
97 % sannsynlighet
Nystuen fortel at det er mange omsyn å ta. Blant anna når Noreg speler i heilraudt, kan det vere vanskeleg for fargeblinde å sjå konturane av drakta på TV.
– Det er vanskeleg å treffe alt og alle, men det er sjølvsagt ikkje ønskeleg å komme i situasjonar der ein del menneske synest det er vanskeleg å lese, seier Nystuen.
Terje Andre Olsen, forbundsleiar i Blindeforbundet, påpeikar at fotballglede for dei handlar om at kommentatorane gjer ein god jobb, med å beskrive det som skjer, slik at også svaksynte kan følge med på kampen.
– Og så lenge vi vinn, er ikkje drakta det avgjerande, smiler han.
Publisert 22.06.2026, kl. 09.20














English (US)