Nordland SV har snudd i sitt standpunkt om EØS

1 month ago 48



Nordland SV har levert inn eit endringsforslag til partiet sitt program om å kutte punktet om å melde oss ut av EØS.

Det gjer dei med bakgrunn i dagens sikkerheitssituasjon, og meiner no at EØS må ligge fast.

– Vår prioritering må no vere å sikre nasjonen mot truslar utanfrå, bidra til at Ukraina vinn fram med ein fred dei godtar, og til slutt å halde Europa samla og sterk i møtet med ei verd der stadig fleire land glir lenger vekk frå demokratiet, seier Christian Torset som er førstekandidat til Stortinget for Nordland SV.

Han har lenge vore motstandar av EU og EØS.

– Frå min ståstad er det openbert at det er gale å trekke Noreg ut av EØS-avtalen, på det noverande tidspunkt.

Han meiner likevel at argumenta mot EU og EØS ikkje er svekka på grunn av den nye sikkerheitspolitiske situasjonen og tar til orde for at ei suverenitetsavståing framleis er problematisk.

Samtidig er argumenta mot å trekke Noreg ut av EØS styrkt betrakteleg, seier han.

Read Entire Article