Nominasjonskomiteen vraker Giske

4 weeks ago 13



Det bekreftar leiar av komiteen, Roar Aas, torsdag kveld.

– Det er riktig at det berre er ein person som støttar dissensen og så er det eit fleirtal for den andre lista.

Trond Giske sitt namn står ikkje på lista fleirtalet støttar.

Nominasjonskomiteen skal etter planen legge fram sitt forslag til valliste for Sør-Trøndelag valkrets på fredag.

Forslaget til liste blir sendt til lokallaga før nominasjonskomiteen si endelege innstilling først blir klar 17. oktober.

Leirtrø trekker seg

Nyheita kjem same kveld som det blei klart at stortingspolitikar Kirsti Leirtrø trekker seg frå nominasjonsprosessen.

I eit innlegg på Facebook skriv Leirtrø torsdag kveld at ho føler seg privilegert som har fått konsentrere seg om politikk dei siste ti åra.

– Skal vi vinne val, må vi vere rause og famne alle i laget vårt. Vi må gjere som i lagspel, legge feidar til side, gjere kvarandre gode, unne lagkameratar å lukkast.

Ho skriv vidare at det går bra med ho, og:

– Det står verre til med det laget og dei folka eg har vorte så glad i her i Trøndelag.

Stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag Kirsti Leirtrø. Sittende i en konferansesal. Folk i bakgrunnen. Årsmøtet i Trøndelag Ap, mars 2022

Kirsti Leirtrø.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Fleirtalet vil ha Hopsø

Øvst på lista fleirtalet i komiteen ønsker er Per Olav Skurdal Hopsø. Hopsø har sidan i fjor vore statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Roar Aas seier prosessen i komiteen har vore god, sjølv om Leirtrø trekte seg same kveld som nominasjonskomiteen skulle møtast for å ferdigstille si liste.

– Vi har hatt ein veldig god, grundig og ryddig prosess, seier Aas.

per-olav-skurdal-hopsø står utenfor stortinget i dress og briller med sort innfatning. han har brunt hår gredd til siden og todagers-skjegg. Det er lys dag og sol.

Statssekretær Per Olav Skurdal Hopsø.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Ifølge Adresseavisen skal Leirtrø ha gitt beskjed til komiteen om at ho trekker seg klokka 18 torsdag kveld.

– Prosessen har gått føre seg over fleire dagar og vi har intervjua ni aktuelle kandidatar og hatt mange gode diskusjonar i komiteen.

Likevel seier Aas det er synd Leirtrø trekte seg.

– Kirsti er ein utruleg populær politikar ute i kommune-Trøndelag.

Meiner forslaget bryt med medlemane sine ønsker

Pål Sture Nilsen er leiar i Trondheim Arbeidarparti og utgjer mindretalet i nominasjonskomiteen.

Han meiner fleirtalets listeforslag bryt med innstilla frå medlemmane.

– Mitt forslag er bygga på fleirtalet blant medlemane, og eit stort fleirtal ønska Trond Giske framfor Hopsø, seier Nilsen.

– At deira forslag bryt med det medlemane ønsker, får dei stå inne for sjølv, legg han til.

En betenkt Pål Sture Nilsen, leder av Trondheim Ap. Nilsen er på årsmøtet til Trøndelag Ap og står ute i en gang. Han kikker til den ene siden

Leiar i Trondheim Arbeidarparti Pål Sture Nilsen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Han seier det uansett er medlemmane i partiet som til sjuande og sist skal avgjere nominasjonskampen.

– Eg har ingen kommentar til kvifor andre i komiteen har valt å ikkje lytte til medlemmane sine innspel.

På spørsmål om han er einig i at prosessen har vore ryddig og god, svarar Nilsen også «ingen kommentar».

Oppfordra Giske til å tre til side

Da Kirsti Leirtrø meldte at ho trekte seg tidlegare torsdag, bad ho samtidig Giske om å tre til side.

– Eg vil ikkje ha Trond. No ber eg han tre til side for nye yngre krefter, for å komme vidare, sa Leirtrø til Adresseavisen.

– Men eg er også oppteken av medlemsdemokratiet, og da tel medlemane i Nidaros like mykje for å samle laget.

Nidaros sosialdemokratiske forum er lokallaget Trond Giske har bygd opp.

Publisert 12.09.2024, kl. 21.58 Oppdatert 13.09.2024, kl. 07.14

Read Entire Article