Skyhøge billettprisar, dyr transport, visumtrøbbel og Trump og krig har gjort at mange fotballfans vel å droppe VM.
Nå har dette ført til kraftig fall i hotellprisane i mange byar, melder Financial Times.
Dei viser til datatenesta Lighthouse Intelligence.
I byar som Atlanta, Dallas, Miami, Philadelphia og San Francisco har prisane falle med omtrent ein tredel frå toppnivået som folk måtte betale tidlegare i år.
Også New York-området, der Noreg speler éin av kampane sine, opplever hotellbransjen at etterspørselen sviktar, noko som kan føre til prisfall.
LANDSLAGET SITT HOTELL: Grandover Resort i Greensboro, Nord-Carolina.
Foto: Grandover Resort & Spa– Eg ser at mange begynner å få panikk og set ned prisane, seier Scott Yesner, grunnleggar av det Philadelphia-baserte utleige- og hotellselskapet Bespoke Stay, til Financial Times.
– Det er sånn som kan skje, seier Odd Roar Lange, også kjent som «The Travel Inspector».
– Dette er ikkje heilt kva vi hadde føresett for tre–fire månader sidan. Vi trudde at dette meisterskapet skulle bli som dei fleste andre der prisen går til vêrs – og blir der. Men det er ikkje lenger like attraktivt å reise til USA på grunn av Trump og hoffet hans.
REISEEKSPERT: Odd Roar Lange.
Foto: Odd Roar Lange / The Travel Inspector– Kva råd har du til fotballfans no?
– Akkurat no ser det ut som prisane fell enda meir, og då kan det vere lurt å vente – om du tenker økonomi. Dei som bestilte rom som ikkje kan refunderast heilt i starten, blir taparane. Men samtidig hadde dei meir å velje mellom og kan gle seg lenge til reisa. Samtidig er det veldig vanskeleg å føresjå kva som skjer med Trump som president. Det påverkar også prisane.
Senatshøyring
Turismen til fotball-VM var også eit stort tema då senatet onsdag hadde ei høyring om meisterskapet. Der uttrykte fleire representantar bekymring til om fotball-VM ville gi det løftet ein hadde håpa på etter eit skuffande 2025. For første gong sidan covid-pandemien fall inntekta per hotellseng.
Sebastian Husvik, leiar av Oljeberget, er glad for at det endeleg kjem hyggelege nyheiter for supporterane.
SUPPORTERLEIAR: Sebastian Hasselgård Husvik.
Foto: Privat– Det er positivt, for det blir jo eit kjempedyrt meisterskap. Folk er kreative for å spare og har gått saman for å få bra prisar slik at dei kan vere lenge i USA. At hotellprisane fell, er godt nytt for dei som har valt å sitte på gjerdet til no.
– Skal du til VM?
– Nei, det blei for dyrt!
FIFA-sjef Gianni Infantino har fleire gonger uttalt at meisterskapet vil ha ein kraftig effekt på turismen til USA. Han beskreiv i 2024 VM 2026 som ein «økonomisk katalysator utan sidestykke».
Ingen løft
– Eg kan kategorisk seie at vi ikkje har sett noko stort løft ennå. seier Vijay Dandapani president for hotellforeininga i New York City, til Financial Times.
FIFA har sjølv kansellert tusenvis av reserverte hotellrom. Kor mange, er ikkje klart, men berre i Philadelphia er det snakk om 2.000, ifølge ein hotellorganisasjon i byen, skriv ABC News.
FOXBOROUGH: Dette er frå garderobane på Boston stadion, der Noreg skal spele sin første VM-kamp den 17. juni.
Foto: WINSLOW TOWNSON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTBFootball Supporters Europe har rekna ut at det vil koste minimum 6.900 dollar for ein supporter å følge laget sitt gjennom heile VM til ein finale. Berre i stadionbillettar. Det svarer til 65.000 kroner og er nesten fem gonger så mykje som i Qatar-VM for fire år sidan.
Sju gonger høgare
Det har komme ei rekke nyheiter dei siste dagane om dyr transport i fotball-VM. For nordmenn er det særleg interessant at togprisane både i Boston (to norske kampar i gruppespelet) og New Jersey (éin norsk kamp) skal til vêrs for VM-tilskodarane.
TOGSTASJON: Mange nordmenn skal ta toget her frå South Station i Boston ut til arenaen i Foxborough.
Foto: LISA POOLE / AP,NTBI Boston handlar det om 80 dollar tur/retur, fire gonger så høg pris som til vanleg, mens det til New Jersey skal vere sju gonger så mykje ifølge The Athletic. Samtidig er talet på parkeringsplassar kutta kraftig ned i forhold til det som er vanleg rundt VM-stadiona. Dermed har prisane auka kraftig òg.
– Vi er ikkje nødvendigvis så opprørte over denne «ta dei rike»-manøveren – men denne prisgaloppen gjer også at alt hamnar langt utanfor rekkevidd for vanlege fans. Sjølve spelet er kanskje vakkert, men det er jaggu mange stygge parasittar som ser ut til å ha infisert det, skriv New York Post.
Publisert 17.04.2026, kl. 11.00












.jpg)
English (US)