No kjem det nye «gorkar» – Synnøve hadde ideen bak ein av dei

1 month ago 23



Coca-Cola har bedt folk om forslag til kva som skal stå under flaskekorkane. No kjem nye «gorkar» snart i butikkane.

 Coca-Cola
GORK: Til jul kjem det ein ny serie med «gorkar» på glasflaskene frå Coca-Cola. Foto: Coca-Cola

Publisert 25.09.2024 12:10

For 50 år sidan byrja Coca-Cola å legge små bodskap under flaskekorkane.

Korkane blei eit samleobjekt for mange, og no skal det lanserast ein ny serie, som vil vere i butikkane rundt juletider. Denne gongen har nordmenn fått kome med forslag til kva som skal stå i korkane.

Ein av dei er Synnøve Aanstad, som bur i Tønsberg.

Sjå lista med dei nye slagorda lenger ned i saka.

– Fint livsmotto

Ho sende inn «Today is the day», som er eit av 44 nye bodskap som kjem på glasflaskekorkane i Norge, Sverige og på Island.

– Det er eit fint livsmotto, seier Aanstad.

 Privat
SENDE INN: Synnøve Aanstad sende inn eit av slagorda som no blir å finne under flaskekorkane. Foto: Privat

– Gøy at tekstane i korkane kan leve evig, og vere ein del av historia. Det er stas, og fint å vere ein del av. Spesielt ettersom dette er noko eg har vakse opp med på 70- og 80-talet, legg ho til.

Coca-Cola Norge fortel om stor interesse for å sende inn forslag.

– Vi fekk inn mange gode forslag. Det er morosamt at gorkar framleis appellerer, etter femti år i Norge. Det trur vi er fordi dei spreier litt positivitet i kvardagen, det har dei gjort heilt sidan starten, seier marknadssjef Kristel Granaas.

Men du vil framleis berre finne slagorda under korkane i glasflasker. Coca-Cola har ikkje planlagt å legge slagorda i plastflaskene sine.

– Det er rett og slett tradisjon at det er glasflaskene som skal ha gorkar. No sel vi dei same flaskene også i Sverige og på Island, derfor har også desse landa blitt introdusert for gorke-kulturen frå Norge, seier Granaas.

Ekspert: Retta mot samlarar og unge

Marknadsføringsekspert Trond Blindheim seier at marknadsføringstrikset særleg kan ha effekt mot samlarar og den yngre generasjonen.

– Det vil jo sannsynlegvis auke salet ovanfor dei som er unge, seier Blindheim.

– Dess tidlegare du kjem inn i eit barns liv og etablerer ein forbrukarvane, dess meir cola kjøper dei i løpet av livet sitt. Dei assosiasjonane vi hadde til cola var at det var ei kul flaske og at det stod ting i korken, seier han om forholdet Cola då han var yngre.

Blindheim viser til at Coca-Cola og andre merkevarer har forsøkt ulike effektar opp gjennom åra.

Brusgiganten har tidlegare gitt ut jojoar, i tillegg til «gorkane», som mange har samla på. 

– Det kan vere eit forsøk på å få opp salet på glasflaskene igjen, trur han.

Coca-Cola Norge tilbakeviser at grepet er retta spesifikt mot barn og unge.

– Det stemmer ikkje. Tvert imot, konseptet med «gorkar» har følgt oss i femti år, og mange godt vaksne har gode minner med desse. Det var også denne vaksne aldersgruppa som ivrigast sende inn forslag til nye gorkar. Glasflaskene seljast mest på restaurantar og kafear, i settingar som ikkje er retta mot verken barn eller samlekultur, seier Granaas.

Her er alle slagorda som kjem i Cola-korkane

      1. This is it!
      2. You're not alone
      3. A second chance
      4. I know you LOVE me
      5. You are sweet
      6. Taste good right?
      7. It’s better ;)
      8. *iconic opening sound*
      9. Share me
      10. You’re cool
      11. I like you ❤
      12. Good choice
      13. Today is the day
      14. You’re amazing
      15. Looking for something?
      16. You got me ;)
      17. #bestfriendsforever
      18. #falleninlove
      19. Taste the feeling
      20. Enjoy life
      21. You are cool
      22. Care about others ❤️
      23. Have a nice day
      24. You & me = ❤️
      25. Oi smart choice
      26. Love at first sip
      27. I love you too
      28. Smile it looks great on you
      29. Be happy don’t worry
      30. ;) wink wink
      31. Joy 🤎
      32. #chilldown
      33. #toocool
      34. #beyourself
      35. #justthetwoofus
      36. #alwaysprepared
      37. #visitgrandma
      38. #fragglerock
      39. #tiktoker
      40. Get it out
      41. Have a nice day 🤗
      42. Today is your day
      43. Taste of love
      44. Get refreshed!
Read Entire Article