No kan du enkelt vippse til Sverige

2 weeks ago 11



Vipps har no blitt lansert i Sverige etter at den svenske konkurrenten Swish takka nei til nordisk samarbeid.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
NY TENESTE: Frå og med tysdag kan svenskane laste ned Vipps-appen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Publisert 24.09.2024 06:13

– Vi har som mål å forenkle heile Norden. Difor er vi utruleg glade og spente for at vi no er tilgjengelege i Sverige, seier Rune Garborg, sjef i Vipps MobilePay. 

Frå og med tysdag kan du altså vippse ein svenske like enkelt som du kan ein nordmann, ein danske og ein finne. 

Det opplyser selskapet i ei pressemelding. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
NORDISK: Vipps blir no lansert i Sverige - og folk kan vippse på tvers av Sverige, Danmark, Finland og Noreg. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Nordisk løysing

I sommar slo dansk-finske MobilePay seg saman med den norske betalingstenesta Vipps. Sidan har ein enkelt kunne sende pengar over desse landegrensene på same måte som mellom nordmenn.

Svenske Swish blei invitert med i samarbeidet, men takka nei. 

No blir i staden Vipps lansert i Sverige, og du kan dermed vippse pengar på tvers av Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
DRAUM: Vipps-sjef Rune Garborg drøymer om å vinne konkurransen om kundane i Norden, ved å lage ein app som alle kan nytte. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Garborg seier utanlandsbetalingane mellom Noreg, Danmark og Finland har vore ein suksess, med til saman 12 millionar brukarar.

– Vi forventar ein stor auke i antal utanlandsbetalingar no som Nordens største land blir med på moroa, seier Garborg.

Kostar litt 

Overføringane over landegrensene kostar fire prosent av transaksjonsbeløpet, i tillegg til at banken kan legge til eit vekslingsgebyr.

Garborg opplyser at dei vil senke prisane frå fire prosent til to prosent i samband med lanseringa, fram til 1. november.

I tillegg til enkle utanlandsbetalingar, vil svenskane også kunne nytte seg av fleire funksjonar i Vipps-appen, slik som oppgjersfunksjonen og for å betale i butikkar og til bedrifter i Noreg. 

 Terje Bendiksby / NTB
GEBYR: Det vil koste litt å overføre pengar mellom land, men ein kan byte ut lange IBAN-nummer med eit telefonnummer. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Garborg meiner denne nye tenesta er med å ruste dei for konkurransen i Norden.  

– Sidan MobilePay og Vipps slo seg saman, har vi drøymt om å famne heile Norden i ein enkel app som alle kan bruke. No har vi det perfekte grunnlaget, seier Garborg.  

Read Entire Article