No får fleire eldre posten heilt heim: – Gir ekstra tryggleik

1 day ago 2



Postbod Ellen Hustad Vinjevoll svingar postbilen inn på tunet til pensjonist Stein Aam (74) i Åmdalen på Sunnmøre.

Ho tek med seg bunken med reklame, brev og informasjonsskriv frå Ørsta kommune og ruslar dei siste metrane opp til inngangsdøra. Der ringer ho på og møter pensjonisten på dørstokken.

Dei får seg ein god prat i tillegg til at ho får levert det ho skal.

Hustad Vinjevoll er sjølv snart pensjonist, men akkurat denne delen av jobben kjem ho til å sakne.

– Det var litt skummelt i starten, men stort sett er det berre hyggelege folk å møte. Nokre vil slå av ein prat medan andre berre takkar for posten når dei møtast på dørstokken.

  • Ikkje alle får posten heilt heim – les om dei som må reise med to ferjer for å få tak i pakkane sine.

Ellen Hustad Vinjevoll i Posten.

Ellen Hustad Vinjevoll i Posten.

Foto: Arne Flatin / NRK

Prosjekt i åtte kommunar

Prosjektet er ei prøveordning i åtte kommunar i Noreg, og er eit samarbeid mellom Posten og KS.

Kommunane er i tillegg til Ørsta, Balsfjord, Hitra, Asker, Ringsaker, Tinn, Evje og Hornnes og Bømlo.

Prosjektet vart sett i gang fordi Posten stadig arbeider med korleis dei kan omstille seg slik at dei er betre tilpassa eit samfunn der det vert færre brev.

Samtidig som dei ønsker å ha eit landsdekkande nettverk av postbod.

Posten trur at når postboda går på døra på denne måten, så bidreg det til at folk kjenner seg tryggare og kan bu heime lenger.

Alexander Hømanberg

Alexander Hømanberg i Posten Bring

Foto: Posten Bring

Sidan år 2000 har talet på brev gått ned med 80 prosent, opplyser presse og kommunikasjonsrådgjevar i Posten Bring, Alexander Hømanberg.

Dermed er det også naturleg at postboda får andre oppgåver.

Samtidig sender vi fleire pakkar enn før, men desse går til Post i butikk, rett i postkassa eller sjølvbetente løysingar.

Mange eldre er lite mobile

Stein Aam er tidlegare ordførar i Ørsta. Han set stor pris på å få dette besøket frå postbod Ellen ein gong i veka. Det sosiale elementet er viktig i tillegg til det praktiske.

Stein Aam er pensjonist og godt fornøgd med dørterskelprosjektet til Posten og KS

Stein Aam er godt fornøgd med dørterskelprosjektet til Posten og KS.

Foto: Arne Flatin / NRK

– For dei som er eldre enn meg, godt opp i 80-åra mister ein kanskje førarkortet av ulike grunnar. Då er det vanskeleg å ta turen inn til sentrum, og ei slik teneste frå Posten gir ekstra tryggleik, meiner han.

Jan Davidsen er forbundsleiar i Pensjonistforbundet. Han er udelt positiv til prosjektet og har vorte orientert undervegs.

Jan Davidsen står ute i Oslo sentrum. Han har kortklipt, hvitt hår, blå jakke og lys blå skjorte under. Det er sommer og han ser til høyre.

Jan Davidsen er leiar for Pensjonistforbundet

Foto: Johnny Syversen Byråruta / NRK

– Vi trur dette er eit viktig tiltak for å styrke forholdet mellom pensjonistane og det offentlege, og det minner litt om den gamle ordninga med landpostbod. Så dette er vi veldig positive til, seier Davidsen.

Berre positive tilbakemeldingar

Avdelingsdirektør Monica Fossnes Petersson i KS seier at 9 av 10 alltid les informasjonsskrivet dei får av postboda. Mange av desse er «ikkje-digitale». Dette fører i neste omgang til at dei eldre i større grad vert med på arrangement i kommunal regi fordi informasjonen når fram.

Monika Fossnes Petersson i KS

Monica Fossnes Petersson i KS

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi ser berre fordelar med ei slik ordning, men om dette skal verte permanent, vil eg ikkje spekulere i. Først må den formelle evalueringa gjennomførast, seier KS-direktøren.

Postboda er godt fornøgde

I Hovdebygda nokre kilometer unna området der postbodet ferdast, er leiaren for postboda på Søre Sunnmøre stasjonert.

Ole Tom Myroldhaug seier dei har fått god respons på denne ordninga som har gått føre seg i Ørsta sidan mars.

– Vi hadde eit lite opphald i sommar, men no held prosjektet på for fullt ut oktober. Eg meiner det er gode argument for å gjere dette til ei permanent ordning, men det vert ikkje avgjort før piloten er grundig evaluert, seier han.

Ole Tom Myroldhaug i Posten

Ole Tom Myroldhaug i Posten.

Foto: Arne Flatin / NRK

Publisert 04.10.2024, kl. 20.25

Read Entire Article