Netanyahu talte til FN: Mange forlét forsamlinga

3 days ago 2



Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu tala i FN i dag.

Etter at han kom opp på talarstolen reiste mange i salen seg og forlét generalforsamlinga. Frå salen kunne ein høyre både klapping og buing.

Barth Eide blei sitjande på første rad under talen til Netanyahu.

Mange stolar stod tomme medan Netanyahu tala til FNs generalforsamling, men utanriksminister Barth Eide blei sitjande på første rad.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

Utanriksminister Espen Barth Eide blei sitjande på sin tildelte plass på første rad.

– Stemninga var mildt sagt samansett, mellom dei som applauderte høglydt og dei som marsjerte ut. Stemninga var spent, seier Eide til NRK.

Eide fortel om kvifor han blei sitjande.

– Noreg har for vane å sitje. Vi lyttar til folk. FN er ein arena der vi skal snakke saman, og då må vi òg lytte til dei vi er usamde med. Vi driv ikkje med markeringar, seier han.

Utanriksminister Espen Barth Eide seier han sterkt tar avstand frå Israels statsminister Benjamin Netanyahus tale til FNs hovudforsamling.

Talte til gislane i Gaza

Tema for talen til den israelske statsministeren var i grove trekk å få gislane ut av Gaza og å aldri gløyme terroråtaket 7. oktober.

På brystet hadde Netanyahu ein button med ein QR-kode. Han oppmoda sjåarar og dei i salen til å skanne koden for å lese Israel sitt perspektiv på terrorangrepet 7. oktober for to år sidan.

NRK har ikkje fått verifisert innhaldet i lenka.

Netanyahu viser kart

Netanyahu hadde fleire visuelle element med seg i talen.

Foto: ANGELA WEISS / AFP / NTB

Før talen skal den israelske statsministeren ha instruert det israelske militæret om å setje opp høgtalarar over heile Gaza. Det skreiv den israelske allmennkringkastaren KAN.

I talen sa han ynskte å vie delar av talen til dei attverande israelske gislane på Gaza. Han sa også at Israel har teke kontroll over mobiltelefonane til befolkninga i Gaza slik at dei får overført talen hans direkte på telefonane sine.

Han kalla manøveren for operasjon «Skriket».

Delar av talen var på hebraisk til gislane. Vidare sa han namna på alle dei 20 attverande israelske gislane som sit fanga i Gaza.

Talen er ein del av høgnivåveka i FN. Gjennom heile veka har leiarar frå verda over tala og diskutert globale spørsmål.

Ein raud tråd

Israel si krigføring i Gaza har vore eit sentralt tema gjennom heile høgnivåveka.

Rett før FN-forsamlinga anerkjente Storbritannia, Australia og Canada ein palestinsk stat. Frankrike gjorde det i siste liten, på måndag.

Landa har grunngjeve det med at ein palestinsk stat er vegen mot ei tostatsløysing og fred.

– Det er stadig breiare semje om at løysinga på denne gamle konflikten er ein tostatsløysing. Det vart slått fast i New York-erklæringa og er blitt stadfesta her i generalforsamlinga, seier Eide.

Netanyahu gjentok fleire kjende israelske talepunkt i talen, men retta ny og hardare kritikk mot dei europeiske landa som nyleg anerkjente Palestina.

Etter talen meiner Eide at Netanyahu blir mindre og mindre open for ei løysing som inkluderer ein palestinsk stat.

– No er det ingen tvil: han kjem ikkje til å gå med på ein palestinsk stat frivillig. Difor er det så viktig med det samarbeidet vi ser no mellom arabiske land og andre aktørar for å presse på for ei løysing, seier Eide.

Eide talte sjølv i generalforsamling fredag. Der sa han at Fn kanskje er viktigare enn nokon gong.

Eide talte sjølv i generalforsamling fredag. Der sa han at FN kanskje er viktigare enn nokon gong.

Foto: CHARLY TRIBALLEAU / AFP / NTB

Netanyahu sa at ei anerkjenning av Palestina er «skammeleg» og sender ei melding til fiendar av Israel:

– Å drepe jødar løner seg, sa han i talen.

Han sa også at europeiske leiarar tvingar landet hans til «nasjonalt sjølvmord».

Sjå talen:

Fredag ettermiddag talte Israels statsminister Benjamin Netanyahu til FN.

Fekk ståande applaus

Netanyahu sa at sjølv om Hamas er svekka, utgjer dei framleis ein trussel og lovar å gjenta åtaket 7. oktober.

– Takka vere viljen til folket vårt, motet til soldatane våre og dei dristige avgjerdene vi tok, kom Israel tilbake frå sin mørkaste dag og leverte eitt av dei mest oppsiktsvekkande militære come-back i historia, sa han.

– Men vi er ikkje ferdige enno.

Hamas har på si side fleire gonger sagt at dei har prøvd å få til ein avtale for å stanse krigen i Gaza.

Etter talen fekk Netanyahu ståande applaus frå Guinea og Israel sine representantar i generalforsamlinga.

Interessert i å lære meir om det som skjer i verda? Høyr podkasten «Urix» her:

Publisert 26.09.2025, kl. 15.15 Oppdatert 26.09.2025, kl. 18.57

Read Entire Article