Nasjonsligaen: Sverige rykker opp

4 days ago 17



Casper Ruud fekk det tøft i semifinalen i ATP-sluttspelet mot italienske Jannik Sinner.

Verdseinaren vann første settet heile 6–1.

I det andre og siste vann Sinner 6–2.

– Dette var ein maktdemontrasjon. No er det berre å kome seg heim og trene, sa TV 2-kommentator Christian Paasche.

Casper Ruud sa sjølv til TV 2 at det er viktig å lære av Jannik Sinner.

– Han serva bra. Det gjorde ikkje eg. Eg fann ikkje rytmen i serverørslene i dag, sa Ruud, og la til at ein berre må ta av seg hatten for det Sinner presterer om dagen.

Sinner, som har vore verdas beste tennisspelar denne sesongen, møter amerikanske Taylor Fritz i finalen søndag.

Casper Ruud kan trøyste seg at han har spelt inn over 12 millionar kroner i premiepengar i ATP-sluttspelet denne veka.

Ruud, som har hatt ein varierande sesong, slo Carlos Alcaraz i den første kampen i gruppespelet.

Read Entire Article