Narvik får ros i internasjonale Forbes

1 month ago 23



5. april 2024 kl. 07:41

Narvik har fått strålande omtale i det amerikanske magasinet og nettstaden Forbes. Det melder avisa Fremover.

Nyleg skreiv Forbes om korleis ein litt sovande by er blitt meir og meir attraktiv.

Den anerkjende reisejournalisten David Nikel skriv at Narvik har gått frå å vere ein by mest kjent for dei mest trufaste krigshistorikarane til å ha blitt den mest framvaksande arktiske destinasjonen å besøke i Noreg.

– Narvik har blitt ein aukande og viktig hamn for ei rekke europeiske cruiseselskap, kor gjestane vil oppleve nordlys og midnattsol, skriv Nikel.

Han kallar hamnebyen for ein spektakulær leikeplass med unik natur å oppleve.

Read Entire Article