Narkotika er, og skal vere ulovleg

2 weeks ago 20



Leiar i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland tek til orde for å selje hasj både på vinmonopolet og i butikk.

Marianne Rosevatn i Senterpartiet er helt uenig med MDGs Tobias Stokkeland om hasj. Foto: Privat

Det er ikkje ei ny tanke frå Stokkeland. Likevel kunne eg ikkje ha vore meir ueinig i det Stokkeland presenterer!

Vi i Senterpartiet arbeider for eit samfunn med mindre narkotika, ikkje meir. Då vert det for meg uansvarleg å selje narkotiske stoffar på vinmonopolet eller i butikk. Vi har mellom anna sett at sosiale medium har gjort både kjøp og sal enklare og meir tilgjengeleg for unge. Med den utviklinga meiner eg det er viktigare å gje politiet dei verkemiddela, og ressursane dei treng for å arbeide mot denne trenden enn at ein skal byrje å selje hasj på polet eller i butikk.

I staden for å gjere det meir tilgjengeleg, og senke terskelen for å ta i bruk rusmiddel som i dag er ulovleg, vil eg og Senterpartiet arbeide for at både unge og vaksne tek kloke val og seier nei til narkotika. Vi er tydelege på at narkotika er, og skal vere ulovleg, fordi det har negative konsekvensar for eiga helse, kan gå ut over relasjonar og i verste fall kan det føreårsake at liv går tapt.

Å leggje til grunn at narkotika er ulovleg står seg godt som eitt argument åleine til å takke nei dersom ein får tilbod om å prøve til dømes hasj eller kokain. At terskelen for å prøve skal vere høg meiner eg er heilt rett, fordi narkotika har negative konsekvensar og vi ønskjer at færrast mogleg brukar eller prøvar.

Dersom ein vel å selje hasj  på polet for å bremse den illegale marknaden, vil dei nok sannsynleg vis berre selje andre stoffar – som til dømes kokain. Eit slikt scenario er noko av grunnen til at eg meiner det er feil å ta hasj inn på polet, og at ein heller må rette arbeidet mot å minske den generelle narkotikabruken i Noreg. Dei aller færraste brukar narkotika, og vi i Senterpartiet vil arbeide for at endå færre prøvar eller bruker narkotika.

Hasj-salg i butikk: – Mange er uenige med meg

Read Entire Article