Laurdag føremiddag blir det plutseleg veldig stille på jobb. Det er ingen kundar og ingenting å gjere.
Sjefen seier du kan gå heim tidleg. Men skal du då ha betalt for heile vakta?
Nokre yrke har eigne reglar, og reglar kan variere med alder. Likevel er Arbeidsmiljølova ein lur tekst å lese nøye før du signerer kontrakt i ny jobb.
Ta quizen nedanfor og sjekk kva rettar du ikkje kan ta deg råd til å oversjå.
Håpar du lærte litt meir etter quizen. Men det er mykje som kan vere nytt viss det er din første jobb, og noko kan òg kjennast vanskeleg.
Opplever du noko ugreitt på jobb er det fint å ta opp dette med arbeidsplassen sitt verneombod.
Det er ein tilsett som representerer alle arbeidstakarane i saker om helse, miljø og tryggleik (HMS). Verksemder med fem eller fleire tilsette skal ha minst eitt verneombod. Det er arbeidstakarane som skal avgjere kven som skal vere verneombod.
Så kven seier du eigentleg frå til om du blir sett i ein ukomfortabel situasjon som ung medarbeidar på arbeidsplassen? Du seier frå til verneombodet. Verneombodet skal vere opplært i å handtere vanskelege situasjonar på ein ryddig måte.
Likar du quiz? Her er ein til som kanskje kan auke matbudsjettet ditt.
Hei!
🙋🏾♀️Jeg skriver økonomisaker for unge. Har du tips til saker jeg bør lage er det topp om du sender meg en e-post!
Vil du lese flere økonomisaker finner du de andre sakene her.
Kven har krav på betalt pause?
Illustrasjon: Karina Kaupang JørgensenPublisert 15.09.2025, kl. 10.44