Talet på minibankar nesten halvert på tolv år: – Det stoppar heilt opp

3 hours ago 1



– Det er synd at minibanken blir lagd ned.

Det seier Anita Edvardsen.

Ho bur i Sørvågen yst i Lofoten, der området sin einaste minibank blei stengd etter knappe tre år i bruk. Ifølge Lofot-tidene var grunnen lite bruk og store kostnadar.

Skal ho no ta ut kontantar i minibank må ho heilt til Ramberg, ein tur som tek tre kvarter med bil.

– Det er ugunstig at det er så langt mellom minibankane i Lofoten.

En rød bygning med minibank i Moskenes

Euronet legg ned den einaste minibanken i Sørvågen i Lofoten.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Det er ikkje berre der minibankane blir lagd ned.

På grunn av nedgang i forbruk, la Sparebanken Noreg ned minibankar og kontanttenester på Åmli og Evje i Agder, og Kviteseid og Bø i Telemark.

Ifølge ein rapport frå Noregs Bank blir det færre og færre av dei.

Talet på minibankar nesten halvert

I løpet av dei siste tolv åra har talet på minibankar nesten blitt halvert.

I 2024 var det 1129 minibankar i landet. Det er ein nedgang på 39 sidan 2023.

Dette gir også utfordringar for reiselivet i Lofoten.

Adrian Olsen ved Norsk fiskevêrsmuseum i Å seier ein del besøkande brukar kontantar, og mangel på minibankar går utover kjøpeviljen.

Dei har ein minibank på parkeringsplassen, men den er berre open mellom mai og oktober. Nordmenn kan ta ut pengar med tenesta bank i butikk, men det kan ikkje utanlandske turistar.

– Det går utover kjøpeviljen til besøkande. Det merka vi spesielt i vår. Då minibanken blei slått på for sesongen, blei kjøpeviljen blant dei besøkande større.

  • en mann i blå skjorte

    Adrian Olsen

    Ansatt ved Norsk fiskevêrsmuseum i Å 

Men mangel på moglegheiter til å ta ut pengar, kan også få uheldige konsekvensar.

Den vesle butikken på museet har ingen andre reserveløysingar enn kontantar, om kortbetalingstenesta ryk, eller om dei mistar internett, seier han.

– Då er vi heilt avhengig av kontantar. Det stoppar heilt opp. Og vi er jo utsett her ute. Det går steinras konstant. Det har skjedd nokre somrar at vi har mista internettet her ute, og då går det i stå.

Men også samfunnet kan få utfordringar når moglegheita for å ta ut kontantar blir færre.

Kontantar er beredskap

På same tid som det blir færre minibankar, styrka Stortinget forbrukarane sin rett til å betale med kontantar.

1. oktober vedtok Stortinget endringane i finansavtalelova, og beredskapsomsyn var ein av grunnane.

Kontantar er nemleg viktig for beredskapen, og Noregs Bank anbefaler alle å ha nokre setlar og myntar heime.

Minibank Lofoten Å, Moskenes kommune ved Fiskeværmuseum.

I Å er Euronet sin minibank berre open halvparten av året.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

For sjølv om bruken av kontantar er låg, og nesten all betaling skjer digitalt, så har kontantar framleis ein viktig funksjon.

Det seier direktør for finansiell stabilitet i Noregs Bank, Torbjørn Hægeland.

– Dei er særleg viktige i beredskapssituasjonar ved full svikt i dei elektroniske betalingssystema. Dei er òg viktige for det ein kan kalle ikkje-digitale, som har problem med å bruke elektroniske betalingsmiddel, seier han og legg til:

– For at kontantane skal kunne fylle dei funksjonane dei har, så er det viktig at dei er tilgjengelege og moglege å få tak i.

Plikt til å levere kontanttenester

Fleire minibank-distributørar seier dei legg ned minibankane på grunn av lite bruk, og mindre behov på grunn av tilbodet om kontantuttak i butikk.

Men ifølge ein rapport frå Finanstilsynet er det fleire kommunar i Noreg som verken har minibank, bank i butikk eller ein bankfilial tilgjengeleg. Det gjeld blant anna Værøy, Leirfjord, Gjerdrum, Vevelstad og Salangen.

Hægeland i Noregs Bank seier bankane har plikt til å levere kontanttenester, og sørge for at det er tilfredsstillande.

– Kontantar er regulerte i ei forskrift. Og ho seier at kontantar skal vere tilgjengelege i samsvar med forventningane og behova til kundane. Det er ikkje regulert spesifikt kor mange kilometer det må vere mellom kvar enkelt minibank eller på kva måte kontantar skal gjerast tilgjengeleg.

Direktør for finansiell stabilitet Torbjørn Hægeland holder pressekonferanse med presentasjon av rentebeslutning og Pengepolitisk rapport 3/20 i Norges bank.

Sjølv om bruken av kontantar er låg, og nesten all betaling skjer digitalt, så har kontantar framleis ein viktig funksjon. Det seier direktør for finansiell stabilitet i Noregs Bank, Torbjørn Hægeland.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Likevel så peikar Noregs Bank på at tilbodet i dag er sårbart og har nokre svakheiter.

– Dersom ei slik generell regulering ikkje gir eit tilfredsstillande kontanttilbod, også knytt til geografisk spreiing, så meiner Noregs Bank at då bør ein vurdere å forme ut ei meir detaljert regulering.

NRK har vore i kontakt med fleire bankar og distributørar som har lagt ned minibankar i det siste. Ikkje alle har svart, men det har Sparebank 1 Nord-Noreg.

– Vi har forståing for at dette skaper utfordringar for nokon, spesielt dei stadene der det verken finnes minibank eller kontant-i-butikk-mulighet. Når vi vurderer nedleggingar vurderer vi alltid om konsekvensane blir urimeleg store for dei som bur i området, seier banksjef Kristian Antonsen Haubakk.

Fekk tilbake minibanken

Men på Coop-butikken Extra på Stokmarknes i Vesterålen har dei fått tilbake minibanken.

Etter at Hadsel sin einaste minibank vart lagd ned i 2021, vil fleire kundar ta ut pengar frå butikken.

– Vi har ikkje så mykje kontantar tilgjengeleg i kassa lenger. Så vi har merka det på etterspørselen. Frå både unge og gamle som vil ta ut kontantar til barnebursdagar, konfirmasjon og slike ting, seier driftssjef for butikken, Johann Nilsen.

Minibanken på Coop Extra på Stokmarknes står i et hjørne med skilt at den er ute av drift.

Minibanken på Coop Extra på Stokmarknes var ei lita periode ute av drift, men den er no oppe og går.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Og etter fire år utan blei det nok. I vår kunne han fortelje at dei får minibank, og den kom for nokre veker sidan.

– Vi har fått kjempepositiv tilbakemelding på at vi har minibank, og at den no endeleg er i drift.

Publisert 26.10.2025, kl. 20.15

Read Entire Article