Kven skal hoppe etter Erna Solberg som Høgre-leiar?
Valkomiteen til partiet er denne helga samla på Lysebu i Oslo til sitt første møte om kven som skal bli arvtakar.
Mens storfavoritt Ine Marie Eriksen Søreide er nølande til å bli ny Høgre-leiar, tek andre sjansen til å posisjonere seg tydeleg.
– I dag har eg hatt ein lang og god samtale med valkomiteen i Høgre, og sagt at eg er klar til å ta på meg leiarvervet i Høgre, viss partiet vil, seier stortingsrepresentant Nikolai Astrup.
Nikolai Astrup med nestleiar Henrik Asheim hakk i hel. Begge vil bli ny leiar for Høgre etter Erna Solberg.
Foto: William Jobling / NRKMens fleire Høgre-toppar tek sikte på ei nestleiar-stilling, som Peter Frølich, Sandra Bruflot og Ola Svenneby, er Astrup berre klar for toppstillinga.
– Eg synest det er veldig viktig at dei som ønsker å gjere ein jobb, er tydelege på det og tar eit skritt fram, og det er det eg har gjort i dag, slår han fast.
Her er det nokre av dei som er med i leiarkabalen. Det einaste som er sikkert er at Tina Bru (nummer to frå venstre) ikkje skal vere ein del av miksen.
Foto: Gorm Kallestad / NTBVil ikkje vere nestleiar
Astrup seier det er uaktuelt å skulle vere nestleiar, då både han, Søreide og leiarkandidat Henrik Asheim er frå Oslo-området.
– Det er naturleg at viss eg ikkje blir leiar i Høgre, så bør eg heller ikkje sitte i leiinga.
Den mangeårige stortingsrepresentanten og tidlegare statsråden peikar på at dei skal famne heile landet.
– Det er mange dyktige folk frå Oslo, men ikkje plass til alle. Av den grunn seier eg at eg ønsker å stille som leiar, og skulle det da ikkje bli meg, så kan eg jobbe for partiet på andre måtar enn å sitte i arbeidsutvalet.
Erna Solberg og Høgre gjorde eit elendig val i september. Snart gir ho seg som leiar.
Foto: Heiko Junge / NTB– Så det betyr at ei rolle som nestleiar ikkje er aktuelt for deg?
– Sånn som det ser ut nå, så er ikkje det ei aktuell problemstilling. Det er også kommunisert til valkomiteen.
Astrup fortel at han har ein ryddig og dialog med Søreide og andre aktuelle kandidatar.
– Eg trur det er ein styrke for partiet at det er ein god tone mellom alle som ønsker å bidra. Så blir det opp til valkomiteen å sette saman eit lag som dei meiner er best for partiet, og presentere det for landsmøtet, seier Astrup.
Den rikaste politikaren
Han har i fleire år vore Noregs rikaste politikar, med ein formue på 561 millionar kroner i 2022, ifølgje E24.
– Viss du blir partileiar, er du budd på spørsmål om eigen formue?
– Eg er den eg er. Det er viktigare for veljarane kva eg skal gjere for økonomien deira og økonomien til Noreg, enn akkurat spørsmål om min eigen økonomi. Det er godt kjent at eg er i den situasjonen eg er i. Det er ikkje noko eg får gjort noko med, og eg har ikkje noko å skjule, seier Astrup.
Viss han får jobben ønsker Astrup å «løyse kvardagsutfordringane til folk».
– Det handlar om å finne fram til kva som er kjerna i Høgres politikk. Vi skal ikkje vere ein bleik kopi av noko anna parti. Partiet må famne heile landet, ha eit bankane hjarte for dei som treng vår felleshjelp aller mest, og som har det vanskelegaste utgangspunktet, seier han.
Publisert 26.10.2025, kl. 19.00 Oppdatert 26.10.2025, kl. 19.54
























English (US) ·